Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Millom tyrk og mahomedan
jY^en hadde Kristen Kold venta seg aa faa vera med i eit
misjonsarbeid paa apostel-vis, so vart han stygt narra.
Presten Hass slo upp bustaden sin i Budscha, ein liten
villaby uppi bergi ei halv mil i nordaust for Smyrna; og der
livde han paa Europa-vis, plent som dei tyske og engelske
misjonærarne som var komne der fyrr — mest med studeringar
inne i stova si.
Og Kold var tenestgjenta hans, og lærar for borni hans. —
Ja ja, han skjemtar med det — at han vart ein meister til
aa vaska talikar, so prestfrua sa sidan at ingen fekk deim so
reine og blanke som han; »men det gjekk ikkje fort med
meg,» segjer han.
Um denne misjonen skriv Kold eit langt brev heim til
ein ven. Det som kjem her er ordrett:1
. . . »Du vil spørge, kjære ven, hvori denne omvæltning
skal bestaa. Svar: Læs apostlernes gjerninger og følg Paulus
paa hans vandring fra stad til stad, se ham arbeide om natten
og prædike omdagen. Og hør Herrens befaling til sine disciple,
hvis de vilde gaa ud at prædike: I skulle ikke tage to kjortler
eller penge med eller brød i eders poser; men æder hos folk
hvor I komme; thi en arbeider er sin løn værd.
1 Etter Frederik Nygaards Kristen Kold I» — 1895.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>