Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
65 Millom tyrk ng inahomedan
Ein dag kjem det inn ein grækar. Kold var matlaus og
svolten, men han vilde naudleg gaa ut or verkstaden; det
kunde koma folk den stundi han var burte. So bed han
grækaren henta seg lite mat. Ja, mannen tek pengarne og
gjeng — men kjem ikkje att.
Verre og verre vart det. No var han pengelaus heilt
upp, og mat hadde han ikkje smaka paa nokre dagar. Og
ikkje ein mann kjende han som han vilde laana av — han
hadde gjeld nok fyrr. Og aa tigga — var det siste han var
i stand til.
Men hungeren drog paa; han saag ikkje meir enn ein
utveg no.
So gjekk han stilt ned aat strandi og sette seg og vilde
døy der, med det blaae havet for augo; det minte han lite
grand um heimen.
Han seig ned paa ein stein.
Daa stig det upp noko i han. Han hadde tala sterke ord
um dette fyrr: at Gud elskar menneskja. No spør han seg
sjølv: »Trur du det no?» — v Ja,•» svara han hardt. Og no
vilde han beda — ropa til sin Gud; for no galdt det livet,
no var han i naud.
Men han fekk ikkje fram eit ord. Det skya so fælt for
augo; han saag berre ut i eit endelaust rom med skodda.
Og no kom dauden, det kjende han. Til slutt seig han ihop.
Daa vakna han att. So friskt eit maal tala! Og ein svensk
skipskaptein kom og spurde um han kjende nokon i Smyrna
som kunde binda inn bøker; han skulde ha ei ny dagbok til
skipet sitt straks, sa han.
»Det kann eg,» sa Kold og spratt upp. Det var som
livsmodet med ein gong kom att.
Dette underlege møtet med ein svensk sjøkaptein berga
livet aat Kold den gongen. »Av meg sjølv hadde eg aldri
vakna,» sa han sidan.
5 — .{ridreas Austlid■ Ein folkelærar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>