- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
66

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

66

Millom tyrk ng inahomedan

Og han la attaat: »I Danmark kann ingen døy av hunger.
Naar dei ikkje hev meir, so melder dei seg aat fatigstyret
og fær av kassa. Men hjaa tyrken, der fær dei lov aa døy
hungerdauden — og ikkje eit liv bryr seg um det.

Etter denne dag gjekk det godt for Kold i Smyrna. Den
engelske konsulen hjelpte og studde han, so han fekk jamt
arbeid. Og det voks paa, so han maatte leiga seg hjelp;
fyrst ein svein, og sidan tvo tri. Ei tid hadde han fem seks
slike paa verkstaden sin.

Daa han hadde tent si fyrste store gullmynt, stod han og
heldt ho lenge i handi — og kunde mest ikkje sleppa augo
ifraa henne. »Eg hadde ikkje trutt at den gule malmen hadde
slik magt,» sa han sidan, naar han fortalde dette.

En kveld kom det inn ein dansk hattemakarsvein og bad
um hjelp. Han var reint forkomen.

»Men kva vil no De her i Smyrnar» spør Kold.

Men straks tenkte han: »Dette spursmaalet kann du gjerne
gjera deg sjølv.» Og det var som han fekk eit »slag paa
munnen». Han tok beste pelsfrakken sin fraa veggen, klædde
guten upp, gav han mat, og let han faa liggja i sengi si.
Sjølv laag han paa eit bokbindarbord. Her fekk no stakaren
vera ei tid og sterkna til att. So tok han heim aat Danmark.
Kold styrde han ut med ferdapengar.

Mange mange aar etter, daa Kold dreiv den store
høgskulen sin i Dalum, kom det inn ein fin mann og helsa paa
Klod. Det var hattemakaren, no budde han i Odense. No
kom han og takka.

So var Kold ovanpaa i pengevegen. Men han stod i ei
onnor naud — som gnog paa verre og verre, til lenger han
var i Smyrna. Um dette fortel han soleis:

»Eg var i Smyrna i fem aar, og eg tenkte kvar dag paa
borni i Danmark, som maatte lesa utanaat paa rams. Og
verst vart dette naar eg kom framum den tyrkiske skulen;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free