- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
122

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

122

Den store dagen. Siger 122

Det er tf)>y/^-naturi — som me skal segja ifraa os —
Det er dyre-naturi — som me skal tvinga under os —
Det er menneskje-naturi — som me skal elska upp i oss —
Og det er guddoms-naturi —som me maa beda ned i oss —
ja som Gud sjølv maa poda inn i oss.»

Um desse tvo siste slag vilde han tala no i kveld.
Det menneskjelege — sa han — det var arven fraa
paradiset, gudsbilætet i oss fraa upphavet. Men det hadde fenge
daude-fræet i seg og maatte døy, um ikkje Guds-Aanden fekk
koma her inn og gjera oss friske og livande att. Daa fyrst
kunde me møtast med Gud att som borni med far. Og daa
fyrst kom her gleda og vokster inne i oss, og mod til aa
liva livet.

Men opna me oss ikkje for himmelen, so gjekk me i
hundarne, sa han. Anten tok dyret oss, so me sovna—eller
og beint fram djevelen, so me vart harde og vonde. For me
var ikkje frie — Gud hadde ikkje skapt oss med tome rom.
Vilde me ikkje lata os fylla av livet, so kom dauden og
fyllte oss med si magt.

Ofte las han høgt paa slike møte, eventyr og forteljingar.
Soleis las han i desse vintrarne:

H. C. Andersens eventyr; helst utan nokor utgreiding —
Paludan Müllers »Adam Homo», med utgreidingar —
Ingemanns »De sorte riddere». Um denne forteljingi heldt
han seks foredrag etterpaa —

Ludvig Heibergs »En sjæl efter døden». Den boki las han
mest kvar vinter.

So hadde dei ordskifte; og daa gjekk det livlegt til! Dei
tala um folkefridom og kyrkjefridom, og alle store spursmaal
som daa var uppe — og brann sterkare ute paa Hindsholmen
enn andre stader.

Kold piska hardt paa prestarne i desse dagar. Han vilde
helst at folket paa Hindsholm skulde velja seg ein friprest og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free