- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
121

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den store dagen. Siger

121

Aldri lyste han ut skulen sin i bladi. »Nei — sa han —
den aand som hev fenge det arbeidet av Vaar Herre aa
hjelpa skulen min, han skal nok syta for at eg fær dei gutarne
eg skal ha.»

Soleis stod dei i striden, desse herduge kjemporne der ute
paa Hindsholmen. Og dei braut seg veg gjenom former og
vanskar og bar sol og nytt liv inn i stovor og hyttor kvar
dei kom.

Um sumrarne dreiv dei, den eine i friskulen og den andre
ute paa bygderne og sette nye friskular i gang. Og um
vin-trarne heime, bundne til friskulen og folkehøgskulen seint og
tidleg.

Og like vel fekk dei tid til aa samla ungdomen fraa Dalby
og grannebygderne i store aalmanna-møte ein kveld kvar vika
i skulesalarne sine.

Paa fyrste møtet vilde Kold tala gudelegt til uppbygging.
Men han fekk ikkje noko aa segja. Folk var komne til sætes
— daa steig han upp og laut segja at han kunde ikkje. Berre
naar Aanden gav han noko, kunde han tala. Og no vilde
dei kanskje ikkje meir koma aat desse møti, naar han soleis
hadde svigta? Poulsen-Dal las daa ei preika aat deim.

Men dei kom att. Daa tala Kold um det menneskjelege;
og han tala med stor magt. Ja, her maatte han halda seg -—
sa Kristen Larsen — so lenge til Vaarherre sagde fraa. Og
det gjorde Kold sidan.

Eingong var salarne stappfulle av folk. Daa stod Kold
fram og sa:

»Naar det er éit stort møte, daa gjeld det aa slaa eit slag.
Og slaget me skal slaa i kveld, det er for det menneskjeliv
som me liver til daglegt bruk.

»Det er fire slags natur i oss menneskje — som maa takast
paa kvar sin maate:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free