- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
133

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Høgskulen for gjentor

133

leidi . . . Og no opnar det seg ei utsyn for mine augo til ein
folkehøgskule for vaksne gjentor—som skal vara i fire
maa-nar, fraa Iste april til Iste august ...»

Grundtvig og Flor hadde og tenkt paa det same og ynskt
at ein slik skule ein gong maatte koma.

Men Kristen Kold lagde i vegen med han um vaaren 1863
i Dalum.

»Dalum er meg eit kjært namn,» sa han. Her laag det
siste nonne-kloster i Danmark, og her kjem no den fyrste
gjenteskulen. Desse tvo skal gjeva henderne aat kvarandre
— og møtast i aa varna um kvinna i den harde verdi me er
sette til aa ferdast i.»

— Ein folkehøgskule for gjentor, det var ein vaagnad i
dei tider. Folk smilte aat gutarne som gjekk der; men dei
flirde daa dei høyrde at gjentome og skulde taka til aa
gaa der.

Dette brydde no Kold seg lite um; han var herda mot
spott og flir. Han berre svara dei kloke mennerne, at skulde
heimarne deira verta ein liten grand betre, so maatte kvinna
og faa vera med aa hjelpa til.

Elles kom gjenteskulen aat Kold mest av seg sjølv, og
voks seg fram utan kunster.

For naar gutarne sat og lydde paa denne merkelege talén
hans, som greip deim so sterkt, daa kunde dei ikkje lata vera
aa tenkja paa deim som sat att heime og ingenting fekk
høyra. Den eine hadde ei syster som gjekk der tungsint og
modlaus; ho skulde havt so godt av aa høyra det Kold sa.
Den andre hadde ei som tok det for lett; ho gjekk og spela
med gutarne og hadde deim til moro, og tenkte berre paa
stas og fjas —ho vart snart ei jaala um ho ikkje vart berga;
i grunnen var ho snild og god, men ho hadde ikkje sét noko
betre, stakars faavitet. Den tridje visste um ei som hadde
mist kjærasten sin og syrgde so paa han. Den fjorde hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free