- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
134

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

134

Høgskulen for gjentor 134

sjølv ein kjærast, som han so gjerne vikle faa dit i nokre
vikor. — Kold kunde ikkje radt segja nei til slike bøner. Og
det kom fleire og fleire. Til slutt vart det daa so, at han
opna sers skule for gjentor i mai, juni og juli.

Den fyrste dagen han hadde denne skulen i gang, kom
bonden Hans Hansen kjøyrande aat Dalum um kvelden. Dei
var vener.

Han ser Kold gjeng ute i tunet att og fram, meir og meir
uroleg. Dei helsast.

»Ja, no hev me teke til med gjenteskule her i Dalum,»
segjer han. »Og i dag stod eg sanneleg yver timen, og tala
og arbeidde so sveiten hagla av meg. Men det vilde ikkje
gaa: eg fekk deim ikkje med meg. Men no hev syster mi
lova ut aa taka fat; og daa skal det gaa! Ho kann. Eg kann
ikkje enno, men ho kann; og daa skal det gaa!»

Det vart ikkje lenge fyrr han kunde — Kokl heller. Og
dei siste sumrarne han livde, var det nok ingen som kunde
dette arbeidet slikt som han. Ja, han vart endaa gladare i
gjenteskulen enn i guteskulen. Dei var lettare aa faa med,
gjentome, tykte han. Og songen deira var no det beste av
alt. »Dei syng med hjarta, gjentome» — sa han. »Gutarne
syng berre med fantasien.»

— Ein gong fekk Kokl bod fraa Sjælland, um han vilde
koma dit paa eit møte og tala. Han tok i vegen. Det var
til Slagelse han skulde.

Det hadde samla seg mykje folk; salen var heilt full daa
han kom.

So stod han paa talarstolen denne vesle mannen. Fyrst
tok han upp lummeduken sin og pussa nasa — so snusdaasen
og ei klypa snus. So saag han paa folket ei heil stund —
og so tok han til:

»I dag tidleg, daa eg for fraa heime, visste eg slett ikkje
kva eg skulde segja her i Slagelse i kveld. Eg maatte gjera

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free