Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Høgskulen for gjentor
135
i dag som so jamt: gjeva meg aanden i vald, lita paa at
det skulde koma.
Og det er i grunnen det tryggaste for meg. Daa eg kom
•ut paa skipet, raaka eg ei gjenta, og ho spurde meg straks:
Nei Kold, skal gjentome til aa gaa paa folkehøgskule no?
Men kva skal no dei der? Skal dei læra aa koka? Eller
skal dei læra aa .tala — og rekna og skriva?»
So maatte eg til aa fortelja henne det.
Og daa eg var ferdig, tenkte eg: Dette kunde ja menn
folket i Slagelse ha godt av aa høyra lite um. Og no vil eg
tala um kvinna.
Men aller fyrst skal de faa høyra ei soga:
Det var ein gong ein prest som hadde ei frua. Ho var
dugande til alt sitt arbeid. Og ho var endaa gildare i
munnen enn i henderne. For henderne, dei laut kvila ein gong
i millom; men munnen, den stod aldri still.
Presten fekk fred for kona si berre paa preikestolen; der
tala daa han. Men heime i prestegarden, der var det ho; og
presten tagde som ein mur.
Men so ein dag tapte han tolmodet og sa:
»Kann du minnast, kona mi, den gongen du stod for
altaren og svara ja paa alle spursmaal presten spurde deg,
og dette med, at du vilde vera mannen din underdanig? —
Ja no byd eg deg aa tegja!»
»Aa nei, skal eg faa det og!» ropte ho. »Ja, alle menner
er tyranar; men du er den verste, du vil ha oss til slavar!
Daa er han anna til mann Grundtvig, likevel. Han gjev daa
oss stakars kvinnor ein liten grand æra. Kvinden er livet i
huset — segjer han — og Sara hed hans dronning.» -—
Presten bøygde hovudet. Daa han kom til ords att, sa
han stilt:
»Grundtvig hev rett: kvinden er livet i huset. Og det fær
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>