- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
151

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Friskulanic

151

Og faren bed: for skulen deira, for grendi, for folket i
Danmark, og for Guds rike paa jordi. Han segjer fram trui og
bed fadervaaret, stilt og varmt — det vert slik sanning i ordi
hans. Og vesleguten sit med, og ser upp i andlitet paa far sin ...

— Den guten lærde ikkje bøner paa rams, det saag du
nok der.

*



Ein av gutarne aat Kold skulde aat Vest-Jylland og vera
friskulelærar. Hugen var sterk og god; men han ottast det
kunde verta noko magert med livemaaten paa heidarne der
ute mot havet. Daa han skal fara, segjer Kold:

»Høyr Kristen — no skal eg fortelja deg ei liti soga, som
du kann fortelja uppatt aat jydarne; ho er so framifraa god
til aa driva nærings-suti paa dør.

Det var ein mann som hadde tvo døtter. Og so vart dei
gifte, den eine med ein pottemakar og den andre med ein
husmann.

Daa vaaren kom, gjekk far deira av stad og vilde sjaa um
deim.

»No, korleis gjeng det?» sa han til pottemakar-kona; dit
kom han fyrst.

»Aa takk; naar berre Vaar Herre vil skaffa oss gildt med
turrvér i sumar, so me kann faa laga bra mange pottor aa
selja, so skal nok me liva. Høyr, kjære far, bed Vaar Herre
for oss, at me fær turrvér og solskin!» Ja, det vilde han so
gjerne gjera.

So kom han til den andre dotter si. »No, kor gjeng det?»
spør han.

»Aa jau, me skal greida det — segjer husmannskona —
naar berre Vaar Herre vil gjeva oss gildt mykje regn; for
ellers brenn det upp alt me avlar. Aa far, du maa beda for
oss, so Vaar Herre gjev oss mykje regn!» segjer ho.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free