Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
152
Friskularne
Der stod den arme mannen og torde ikkje bede um nokon
ting. Han var glad i baae døtterne sine; men um baae desse
ting kunde han daa ikkje beda.
So endeleg kom han paa det, at han skulde klaga seg aat
Vaar Herre. Han sa:
»Kjære Gud, eg skynar det ikkje, men du skynar korleis
du skal gjera deim baae tvo lukkelege. Og no bed eg deg,
at du vil gjera det. Og gjer det daa berre paa den maaten
som du ser er best for deim! For du kann det.»
So kom hausten; og so gjekk han aat døtterne sine att.
»No, korleis gjeng det?» sa han til pottemakar-kona.
»Aa, det gjekk betre enn me hadde venta,» svara ho.
«Best det kom ei hard skur, og me trudde alt strævet vaart
var um inkje, so skjein det upp att og vart solskin. Og me
fekk turka mange pottor — mange fleire enn me hadde tenkt.
Og no hev me selt deim alle saman og fenge pengar, so no
kann me sagte vera glade.»
So kom han til den andre dotter si. »No kor gjeng det?»
spurde han.
»Det gjeng godt,» svara ho. Daa det var paa det aller
turraste og me trudde alt brann upp, so kom det ei skur og
gjorde det grønt og friskt att. Og no hev me fenge det i
hus, og det vart slett ikkje noko lite.«
Daa takka han Vaar Herre, den gamle mannen, og sa:
»Eg visste ikkje fyrr, at du var so god til aa greida
vansk-arne for oss. Men no vil eg daa berre beda aat deg, og
leggja alle mine sorger paa deg, — naar du skynar deg so
godt paa aa gjeva oss det me treng.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>