Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Friskulanic
153
statsskulen kva dag han vilde. Foreldri var glade. »Den
guten hev gjort lukka si,» sa grannarne.
Daa er det ein dag han kjem inn paa skulen aat Kristen
Kold og fær høyra han tala ein time.
Det var eit slumpehøve at guten kom der. Men Kold saag
han straks og lagde merke til han.
Den dagen tala Kold um Guds forsyn. Han fortalde deim
kor rik og god Gud er, og kom med sterke vitnemaal um
dette fraa sitt eige liv. »Gud vil so gjerne faa vera heil full
far for oss menneskje; men det er ikkje lett for Gud aa faa
lov til dette,» sa Kold. »Er det ikkje fælt og — sa han —
so mange millionar menneskje som fær føda av honom aar
etter aar — og so faae som takkar r som bryr seg um han
so mykje at dei kjem dette i hug!
»For det veit me — sa han — at det er berre nokon faae
som takkar Gud for det dei fær.
»Her sér me kor simpel menneskja kann vera, kor simpelt
ho ber seg aat.
»Men so er det desse faae daa — som verkeleg takkar Vaar
Herre for det dei fær, og vil prøva aa lita paa han i alt.
Dei magtar no slett ikkje aa gjera dette heilt, dei heller; for
dei tigg verdi um hjelp att rett som det er. Men like vel —
desse faae maa daa vel vera hjarteborni hans, meir enn alle
dei hine, som aldri takkar r
»Ja, det skulde vel vera ein sjølvsagd ting, at Gud baade
kann og vil og maa gieva desse faae som takkar, det dei
treng — naar han gjev alle millionarne som ikkje takkar, det
dei treng. Kann me tenkja oss — sa han — at den gode
Gud skulde lata sine eigne born døy av svolt, naar han held
uppe alle desse som ikkje bryr seg um han?»
Slikt tala Kold um Guds forsyn, og at alt han sender oss
er til gagn for oss, so den unge seminaristen fekk nye augo
aa sjaa med og vart eit anna menneskje fraa denne stund.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>