Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Friskulanic
157
Eg kom aat Kold og skulde melda inn bror min. Me
hadde ikkje sét einannan fyrr nokon av oss.
»Kor gamall er bror din?» spurde han.
»Syttan aar,» svara eg.
»Daa er han for ung. Lat no han venta. Men du skal koma.»
Eg gjorde store augo. Eg tykte dette var uvitugt sagt.
Men eg svara berre: »Nei, det er nok raadlaust for meg det.»
»Ja, for du treng meir um det enn bror din,» sa han.
Eg veit ikkje korleis det gjekk til. Men daa han hadde
tala nokre ord med meg, og sét meg inn i augo eit par gonger,
so syntest eg det var vitugt og rimelegt alt han sa, og det
med, at eg, seminaristen, sette meg paa skulebenken hjaa Kold.
Og soleis vart det. Eg var paa skulen hans i tvo, tri
maanar.
Daa eg skulde fara, kom han og vilde tala med meg.
»Kva vil du no slaa paa?» spurde han.
»Aa — det fyrste det beste som møter meg. Huslærar,
tenkjer eg, no fyrst. Og so fær eg faa meg eit rom i
stats-skulen. For til friskulelærar dug eg no ikkje; til det hev eg
for smaa krefter.»
»So — du trur det skal større krefter til aa vera
friskulelærar enn til aa vera statsskulelærar?
— Men daa trur du gale,» sa han.
»Naar du no kjem inn i statsskulen, og du tek friskulen
med deg der inn — for det lyt du nok gjera no, skal du
vera ærleg — so fær du so mykje aa strida med, at du kann
aldri tru det. Og du magtar ikkje den striden — det er det
verste. Det fæle som vil henda deg der, det er at du tek
skade paa di sjæl. Du misser deg sjølv og vert ein
dusin-lærar, du som alle dei hine.»
»Aa nei, nei» — meinte eg.
»Jau; eg kjenner den skulen. Og eg kjenner deg med.
— No skal du høyra nokre av vanskarne i statsskulen,» sa han.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>