Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
158
Friskularne
»Fyrst er det alle desse daude og daarlege heimarne, som
lét borni sine gaa for lut og kaldt vatn, og som bryt ned att
alt du kann byggja upp og meir til — deim kjem du ingen
veg med. Men dei stakars borni deira er du nøydd til aa
ha i skulen din — du skal faa folk av deim, og du skal
hjelpa deim fram i deira kristendom. Trur du at du kann
det, at du magtar dette?
— Nei, du trur det ikkje. Og du vil koma til aa gaa
trøytt. Du vert hard og kald, turr og tom, gretten og saar
— og ordi dine vert like eins som du er sjølv. Du synest
snart at riset er det einaste som bit paa. Og daa er du
ferdig med borni.
For det andre so hev du presten yver deg — og provsten
— og bispen — aa ja alle desse høge herrarne som vil ha
det plent soleis som det hev vore og ikkje det minste
onnor-leis. Skulde du no vilja freista aa berga livet ditt, og faa
skulen din ut or dauden, daa kjem dei yver deg straks. So
framt du finn paa det aller minste nytt som du trur kann
vera til gagn for borni og skulen, so kjem dei og segjer:
Nei, nei, stopp! — Ja, ver du viss paa det.
So gjeng me til friskulen,» sa Kold.
»Her er me godt som utanfor all denne styggedomen eg
hev tala um no — baade dei ugudelege heimarne, dei
utskjemde borni, og dei høge herrarne som segjer: nei, nei!
Difor er friskiden den kveiken som skal gjera livande att den
danske barne-skulen. Han kviler paa Guds sannings grunn,
paa gode heimar, med ein far og ei mor som kjenner andsvar
for sine eigne born og vil ofra noko for deim. Her maa me
no hjelpa til, alle som kann, og du med.
— For her kann du hjelpa,» sa Kold, og saag so mildt
paa meg.
»Naar det berre er ærlegt det vesle du eig, so kann du
taka til her, straks, med den styrken du hev. Og so veks
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>