- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
159

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Friskulanic

159

det med tidi. Du tener ein rik og sterk husbond, skal du vita.
Den som hev tvo pund, skal faa fire — det hev han sjølv sagt.»

»Eg maatte gjeva Kold rett — sa Nilsen — og difor vart
eg friskulelærar. Og det han hadde sagt, det slo til. Eg maa
takka Kold i hans grav for raadi han gav meg — han vart

meg ein god raadgjevar, baade for dette livet og det som kjem.»

*



Ein stor sterk bondegut kom paa skulen aat Kold og vart
der um vinteren.

Um vaaren segjer Kold til guten:

»Eg hev fenge eit godt rom aat deg. Du skal til
Langeland og hjelpa ei enkja med borni hennar. Ho eig ein stor
flokk vakre born og ein gild gard, men ho hev ingi hjelp.
No lyt du dit og hjelpa henne.»

»Nei, det vil eg no ikkje; det duger eg ikkje til. Eg kann
ikkje vera lærar,» svara guten.

»Det er ikkje noko aa gjera ved dette; du skal no til
henne like vel,» segjer Kold.

»Men kvifor det?» spør guten.

»Ja, ho treng hjelp til alle borni sine; og ho hev heller
ingen som kann sjaa til med garden. Ho er skuldig mest
alt, og kann ingen ting gjeva deg for arbeidet. Men synest
du at det kann vera grunn til aa segja nei — skal ho og
borni hennar lida naud for det at du er rædd? — So hjelper
du til, det du kann; fortel og lærer borni hennar og ser til
med jordi hennar; og so skal det laga seg godt baade for
deim og for deg. Det er Guds vilje dette.»

So trygt og sterkt tala Kold, at guten fekk ikkje fred fyrr
han reiste — og kom til enkja paa Langeland.

Han vart lærar for borni hennar og hjelpte til med
garden hennar — han vart reint umissande der. Soleis styrde
han i mange aar til borni vart vaksne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free