Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
164
I striden for borni
fara aat som dei vil — gaa paa sjølvstyr! Er det meiningi
Dykkar? Naa — eg spør: kor vert det daa av respekten? —
Eg segjer: Hogg og slag og juling maa til — og det held
eg fast paa!»
»Naa, det gjer De,» svara Kold. »Men seg oss so: kor
vil De fara aat? Naar De hev banka ein djevel ut, og det
kjem sju andre atti staden — kva gjer De daa?
Baade spursmaalet, maaten han sa det paa, og dei augo
han sette inn i mannen — kom slikt, at det gav ein støkk i
alle saman; — og so tok folk til aa storlæ. Medan hadde
langelendingen kome seg ut.
Ute sa han: »Detta var ein faarleg kar aa koma i klørne
paa. Den der skal eg agta meg for.»
»Den fyrste gongen eg høyrde Kold — fortel ein gamall
lærar — var just paa eit slikt møte. Han tok til med aa
segja at no vilde han tala um det gamle spursmaalet: kva
skal me gjera so me känn verta frelste? og det nye
spursmaalet: kva skal me med alle friskularne? Det var
samanheng millom dei tvo spursmaal — sa han — og no vilde han
greida ut den . . .
Det var ein ny slags tale, som tok folk med ei veldug
magt. No, fyrti aar etter, hugsar eg ikkje att meir enn dette:
Me skulde tala berre naar det brann i oss — sa han —
og elles tegja. Dette hadde vore gamall skikk i Danmark
fyrr. Men i Tyskland var dei ikkje nøgde med noko so lite
lenger; der laut dei finna upp ein kunstig maate aa tala paa,
og so fann dei upp utanaat-lesingi. Daa kunde dei lata munnen
gaa anten der var aand eller ikkje, naar berre kjakarne var
sterke nok. — Og no hadde denne sjukdomen kome aat
Danmark og heldt paa og drap ned danske born.
Kor flirande dette var skulde han so syna deim. Det er ei
mor — sa han — som sender den vesle guten sin til bakaren.
So stend ho og prentar ind i han: Kann du no segja so:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>