- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
175

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

175 I striden for borni



Paa eit lærarmøte var det ein klokkar som sa:

»Det er ein vanskeleg kunst aa vera lærar aat smaagutar,
og raaka det rette kvar gong dei finn paa noko.»

»Ja so menn,» segjer Kold.

»No skal de berre høyra,» segjer klokkaren. »Eg vil og
gjerne faa vita korleis Kold skulde teke det, um han hadde
vore i min stad.

Eg hev ein gut som er lat og ikkje lærer leksa si. Ein
dag vart dette so heitt, at eg tok og rundjula guten. Det
var no det. Men straks reiser det seg ein smaapøyk paa
aattande aaret og kjem som eit uvér burt aat meg og segjer:

»Detta fæl du itte geia med meg. Slæl du meg, so fæl
du itte meil egg av mol.»

— Kva skulde eg gjera? Skulde eg lata ungen faa tala
slikt til læraren sin? Kvar vart det daa av disiplinen? Kva
vilde no herr. Kold gjort?»

Kold: »Eg vilde set blidt paa guten, klappa han paa
oksli og sagt: Du er ein liten gild gut. Hald berre fram
som du stemner — kom fram med di meining ærlegt og
greidt stødt; daa skal det gaa deg vél, og du skal med tidi
verta ein god dansk mann som kjem til aa gjera gagn.»

— »Eg tok sanneleg og dengde han,» segjer klokkaren.

Kold: »Men var det so vanskeleg ein kunst?» —

*



Desse store folkemøte med svære talarar brydde Kold seg
lite um. »Mykje skrik — lite ull,» sa han. Var det mange
prestar der, vilde han no ikkje møta fram.

I Odense var det eit stort skulemøte; og striden stod hardt
millom det gamle og nye. Der rauk dei ihop, statslærar
Jensen paa den eine sida, for den gamle skulen — og Morten
Eskesen paa den andre sida, for friskulen og folkehøgskulen.
Ei mengd med prestar og lærarar tok frami paa baae sidor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free