Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
176
I striden for borni
og hjelpte til. Det stod stort ord av dette »stridsmøtet» som
det vart kalla. Kristen Kold hadde vore varsla, men møtte ikkje.
So kom barneheims-styraren Knud Rasmussen ut aat Kold;
han fortalde um møtet, og sa:
»Men Kold — at Du ikkje var der og hjelpte oss! Det
var stor skade at Du ikkje kom.»
Kold smilte. »Nei, eg slæst ikkje med vindmylnør,» sa
han; »det tener oss til ingen ting. Eg hev sanneleg anna aa
gjera — baade større og betre. Det hev Du og.»
Knud Rasmussen samraadde seg mykje med Kold i denne
tid. Han tok i vegen med ein heim for foreldrelause og
fatige born, og trudde han kunde halda hus, kost, klæde og
skule aat desse for 60 kr. aaret for kvart barn.
»Xei, Du greider ikkje det — paa ingen maate,» svara Kold.
Men Knud var strid paa sitt. »Det er daa so mange
husmenner og smaafolk som sit med 7—8 born og hev ikkje nær
so stor inntekt for aaret — og dei greider seg; dei greider
seg godt; borni deira er friske og sterke.»
»Det er noko anna att,» sa Kold. »Det ligg ei eigi
signing yver ein slik strævsam heim, som Du ikkje kann gjera
rekning paa — Du som tek framande born.»
Det synte seg "sidan at Kold hadde rett.
Knud hadde lagt i veg med 60 kr. aaret for kvart barn.
Og han sette til hundrad paa hundrad av sine eigne pengar
dei fyrste aari.
I 1880, daa bokskrivaren var der, hadde han 120 krunor
for kvart barn; og attaat det hadde han nokre hundrad av
staten og ikkje so lite gaavor fraa folket ikring. No greidde
han seg godt, sa han.
Tjuge born kunde han og kona hans styra; fleire vilde
dei paa ingen maate ha.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>