- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
4

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

4

islendingane i deira bokavl, enn de at dei var komne
av norskt blod, so er de ikkje sagt de vart so mykje
aa rekne paa; de kunde for den skuld godt hende, at
de daa var andre folk som her hadde meir av æra aa
rekne seg til. :

No er de nok ymse gamle bokverk, um ikkje mange
av dei beste, som utan nokon tvil er norske og skrivne
av nordmennar, og av dikting i strengare meining —
skaldskap — helst den eldste og daa i de heile den
beste, er de mykje som de ser ut til Island ikkje kann
gjera noko eigedoms-krav paa framum andre i de minste.
Her er de daa striden stend, i vissa um den gamle
samlingi av kvad av namnlause skaldar, Edda-kvadi, som
dei er kalla, og no sist ogso um ymse kvad av
namngjevne skaldar fraa denne eldste tidi, kanskje mest alle
kvadi som hev gjengi for aa vera av norske skaldar.

Ei tid gjekk no dei gamle Edda-kvadi for aa vera
sams germansk eigedom, „urgermansk“, og seinare for
sams nordisk, „urnordisk“. Paa den maaten skulde me
vel hava ein lut i denne sameigni her i lande og,
endaa um de visst var meiningi, at de store „vaterland“
skulde hava brorparten av de „germanske“, og seinare
danskane kanskje av de „nordiske“. Men di betre dei
vart granska, di klaarare synte kvadi sjølve, at i den
skapnad dei no hev, i minsto, kunde dei ikkje høyre
heime korkje i Tyskland eller Danmark; dei peika
paa eit land som anten Noreg eller Island, og dei fleste
granskarane vende daa helst sine augo mot Island.
Men islendingane sjølve var dei fyrste til aa sjaa og
segja fraa, at desse kvadi kunde ikkje høyre heime hjaa
deim. Etter dette kunde de vel ikkje vera onnor raad,
skulde ikkje desse gode gamle kvadi verte reint
heimlause, enn at dei laut faa seg ei heimvist i „gamle
Noreg“. Men nei, so vel var de ikkje endaa. Dei fekk
nok paa ein maate sin heim millom nordmennar, men
berre / millom norske utflytjarar, som hadde fengi
seg ein ny heim i „vestens kulturlande“, den tidi Irland
og England. Jamvel um dei daa skreiv seg fraa
nordmennar, som tala norsk maal og endaatil var fødde i
Noreg, so bar dei no so mange merke av at dei var
komne til verdi utanlands, so at um ein kanskje kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0006.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free