- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
5

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

5

segja at dei var ætta fraa Noreg paa farssida, so var
de no likso visst, at paa morssida var dei ætta fraa
„vestens kultur“, eller fraa heile den europæiske kultur
de daa var eller hadde vori, alt ned til den gamle
romerske og græske.

Som alle veit, er de i vissa professor Sophus Bugge
som hev teki upp og bori fram denne synsmaaten. Og
han hev lagt all sin gløggskap og sin store lærdom i
dette arbeide, so de er ikkje greidt endaatil for lærde
karar aa møte fram til strid med ein slik mann her.
For ulærde folk, som les bøkane hans, er de no mest
ingi raad aa berge seg, annars dei lyt gjeva heilt upp.
Dei vert so reint yvitekne av all denne gløgge
lærdomen, der dei ikkje veit aa svara eitt til tusund, —-
denne villframande irsken, som mest ingin kann noko
av lenger, munke-latin og annan latin, græsk, runemaal,
folkesegnir o. s. fr., nær sagt fraa kvar ein krok i de
gamle Europa og alt til Austerlandi.

. De var i vissa Edda-kvadi som Bugge tok fyri seg
paa den maaten, og vilde syne at soleis som me no
hev deim maatte dei vera dikta burte i Irland og
England, dei eldste ikkje fyrr enn ut i vikingtidi, ved slutten
av de 9de hundradaare, og dei yngre so seint som i
fyrstningi av de 11te hundradaare. De er daa aa merke
med alle desse kvadi, at fraa gamalt er de ikkje
nemnt beint fram nokon ting um kven som hev dikta
deim, eller kvar og naar dei er dikta. Til aa avgjera
desse spursmaal hev ein ikkje anna aa gange etter enn
kvadi sjølve, deira innhald, maalform og slikt noko, og
freiste kva ein kann finne ut av dette etter dei
festemaat ein elles hev. Av greide og gode
jamføringsvitnemaal hev me daa ikkje mange. Dei beste skulde
vera nokre av dei gamle skaldekvadi, som dei er kalla,
som skulde vera likso gamle eller vel so gamle som
dei eldste av Edda-kvadi, etter den nemnde alder Bugge
hev gjevi deim. Um desse skaldekvadi hev me fraa
gamalt, 1 bøkar.som er skrivne so tidleg som ikring
1200, greide vitnemaal baade um kven som hev dikta
deim, og kva tid og land dei høyrer heime i. Soleis
hev me vers av eit kvad eller fleire kvad som de er
sagt at skalden Brage den gamle hev dikta, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free