Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
l
si tid. Men daa Bugge er ferdig med si utgreiding,
fær han sjaa at islendingen Vigfusson hev synt at dette
halv-verse kann ikkje høyre til Ynglingatal, men
derimot til Øyvind Skaldespillars Haaløygjatal, og Bugge
lyt gjeva honom rett i dette, i minsto at verse ikkje
høyrer til Ynglingatal. Men si meining um dette kvade
held han daa likevel fast paa, endaa ein maa segja, at
lite som de var fyrr, vert de no reint smaatt med de
han hev aa stydja denne meiningi med.
I Ynglingatal skulde de no ikkje vera so reint paa
de lause med slike ting som de her er spursmaal um.
De handlar ikkje um gudar eller kjempur som berre
var kjende etter gamle segnir, soleis som Edda-kvadi,
men um forfedrane aat ein mann som kvade sjølv
nemner soleis at ein ser han livde ved den tid daa de vart
dikta. Denne mannen er ein Rognvald Heidumhære,
og han skulde, ctter kvade og etter de Snorre segjer
greidt nok, vera konge paa Vestfold eller Vestmar
(umkring Skiensfjorden) og vera ein son til farbror aat
Harald Haarfagre, Olav Geirstada-Alv. So umhugsame
som i vissa storfolk var i dei tidir til aa halde rekning
med si ætt, skulde de daa vera ventande, at skalden
hadde greinleg og paalitande kjennskap til sitt emne
eit godt stykke attende, um ikkje heile vegen, so mange
ættled som kvade gjeng igjenom, heile 30, alt til dei
gamle svenske kongane som skulde vera ætta fraa guden
Frøy eller Yngve-Frøy. Skalden sjølv gjev oss ogso
all grunn til aa tru at han hev teki de aalvorleg og
umhugsamt med sitt arbeid. Ein kann berre leggje
merke til eit vers som dette:#*)
Tidt eg hev Halvs-banen
etter haugen hans Yngve borin vart.
vise mennar No eg veit
mykje spurt, at verkbitin
um kvar Domar frenden hans Fjølne
paa den dynjande ved Fyri brann.
Og de er oftare han talar um at han hev høyrt
eller spurt eller veit de og de. Saki er den, at
1) Heimskringla s. 19. — Med Yngve og frenden hans
Fjølne er meint d. s. s. kong Domar, — Halvs-banen er elden,
baale,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>