Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6
etter alle vitnemaal maa de ha vori ein norsk skald
som hev livt ikring 800 og utetter. Endaa meir hev
me att av dei kvadi som Tjodolv fraa Kvine er
namngjevin for. Etter alle vitnemaal maa han ha vori
jamaldra med Harald Haarfagre, og ikkje berre vori
fødd i Noreg, paa Agdir, men ha butt her i lande all
sin dag, og de eldste og største av kvadi hans, éller
de som me no hev mest att av, Ynglingatal, maa vera
fraa ei tid (kanskje 20—30 aar) fyri 900.
Motmennane til Bugge hev daa haldi fram imot
honom, at dei grunnar som han hev funni til aa
halde Edda-kvadi for so seint tilkomne, og ikkje i
Noreg, men burte i vesterlandi, — dei same grunnar
gjeld likso fullt for dei her nemnde skaldekvadi, som
etter samstelte gamle vitnemaal er tilkomne i Noreg i
fyrste eller siste luten av de 9de hundradaare. Bugge
sjølv hev ogso set dette so godt som nokon, at so framt
desse vitnemaali stod fast, so vilde dei taka grunnen
andan heile hans synsmaate. Men han hev daa meint
at dei vitnemaali um desse ting som er aa finne hjaa
Snorre og andre islendske soguskrivarar, dei er ikkje
aa lite paa Og i eit serskilt verk, „Bidrag til den
ældste skaldedigtnings historie“, hev han teki fyri seg
desse skaldekvadi som skulde vera dei eldste. Her
kjem han no til den endelykt, at dei kvadi som Brage
den gamle er namngjevin for, dei kann ikkje vera eldre
enn fraa siste helvti av 10de hundradaare, og at dei med
er tilkomne burte i Bretland, endaa um de er ein
nordmann, eller kanskje helst ein islending, som hev dikta
deim. Og Ynglingatal kjem daa og like eins burt til
Bretland, og paa lag til same tidi eller noko tidlegare,
og skal vel helst hava ein nordmann til diktar, de.
I si meining um Brage-kvadi er Bugge hugheil
nok, kann ein sjaa; derimot ser de ut til han ikkje
kjenner seg fullt so trygg, naar han kjem til Ynglingatal.
Vrangt er de og, at de einaste der som han- hev funni
meir beint fram skulde stydja hans meining, de vert
han sjølv paa slutten nøydd til aa rata att, etter han
er ferdig med de heile. De er eit halv-vers som ikkje
er nemnt eller rekna til Ynglingatal fyrr enn i eit
„maalskurds-frøde“, eit maallærdoms-skrift, etter Snorre
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>