Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
11
alt de som etter Bugge si meining skulde vise at
Eddakvadi ikkje kann vera komne til i Noreg, men burte i
vesterlandi, og ikkje so tidleg som i de 9de
hundradaare, — dette er noko som likso mykje maa. gjelde
Ynglingatal. Soleis møter me same gudeheimen her
som der, æsir og vanir, jotnar og dvergar. Visstnok
er ikkje Ynglingatal noko gudekvad, so de er ikkje
ventande aa finne so mykje av gudelæra der; men de
merkelege er, at de meste av de me finn der nettupp
helst er slikt som etter Bugge si meining skulde hava
sitt upphav fraa kristindomen, og dette nemnt paa ein
slik maate at ein kann skyna de maa ha vori velkjende
ting i Tjodolvs dagar. ÑSoleis hev me Odin der kalla
„bror aat Vile“, og dermed tvo av „trieiningi“
Odin, Vile (vilje) og Ve. Loke („Lucifer“) er der
med heile si ætt: Loke-møyi (Loke-dotteri, Hel),
syster til Ulv og Narve (Fenresulven og
Midgardsormen, „Leviatan“) og brordotter til
Byleist („Beelsebub“). Av slike som skulde vera komne
fraa græsk hev me Garm („Kerberos“) og Fornjot
(„Phoroneos“). Dei gamle segn-krinsane hev ogso sine
maalsmennar her, baade fraa Danmark, Tyskland og
Noreg, men ingin som hev de minste med vesterlandi
aa gjera. Me kann nemne Hagbard og Signy,
Hogne (Hjadningane), hordakongen Halv
(Halvskjempune), Jonakers sønir og deira sorg (?:
steinar, av di dei vart steina i Jormunreks,
Ermanriks hall), budlung (etter Budle, far aat Atle, Attila)
og meir slikt.
Høyrer daa Ynglingatal heilt og greidt heime i
Noreg, og i den tid som ein etter dette maa setja de
til, so er de dermed gjevi, at Bugge kann ikkje vera
paa rett veg med si meining um den gamle norrøne
skaldskap. Noko kann han vel endaa hava retti;
men kor mykje eller lite, de fær daa for de fyrste vera
eit opi spursmaal. De vert aa taka de heile upp til
gransking fraa nytt av, og truleg vert de ikkje so beint
aa faa de greidt alt saman. So mykje kann ein
vita, at røtane ligg nok djupare enn ymse granskarar
i den siste tid hev tenkt seg.
Kor som er, skulde de no vera god von til at de
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>