- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
12

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12
meste, um ikkje alt av den eldste norrøne skaldskap
vert berga heilt heim aat Noreg. inast paa den
maaten, som de synest, er de og at alt kann koma i rette
lage. De var noko underlegt, mest løglegt, som de no
saag ut med alle desse skaldane. Fødde og uppalne i
Noreg laut dei vera alle saman, so velkjende som dei
var med norsk natur og liv, og allstødt hadde sin
synsmaate og sine ordlag derifraa. Likevel var de som dei
aldri kunde faa maale upp, so lengi dei var her heime;
men so snart dei kom aat vesterlandi og „i berøring
med vestens kultur“, daa vart dei med ein gong slike
ovkarar til aa kveda, langt framum deira læremeistarar
skulde vera, og alle andre i deira samtid, — ja
ettertidi og andre tidir med kann de nappast um. Dette
høver ikkje vel med dei synsmaatane folk elles hev i
vaare dagar, paa „utvikling“ og alt slikt. Etter den
synsmaaten krevst de, at dette som alt anna laut hava
eit grunnlag aa veksa fram av.

De vert daa ikkje anna fyri, kor vondt de kann
vera, enn at me lyt gaa ut ifraa at nordmennane
sjølve hadde ein kultur, at de er den som hev bori
desse fruktine, og at de soleis hev vori ein rotfest,
gamall kultur, likso vel som kjernefrisk og rik. At
folk her i lande hev havt so vondt for aa tru dette,
dermed hev de no sin eigin samanheng. De var ei
lang tid de var komi til de, at de ikkje vart rekna for
kultur noko av de som høyrde heime her nord; de var
berre slikt som kom yvi Tyskland til Danmark, og
derfraa her til lande, som skulde hava dette namne.
Underlegt nok er de, at de kunde bera soleis til, naar
me ser paa kva slag kultur dette var; for ein slik turr
og dauv og sviplaus kultur hev de vel aldri vori nokor
tid elles her nord, so lengi lande hev vori bygt. Difor
var de vel og at han aldri kunde faa seg rett tak her
nord, med alt de han tok seg ord for aa vera den rette
eller einaste kulturen. Men av dette orde sit de
likevel endaa mykje att hjaa sume folk, soleis at dei ikkje
kann tenkje seg anna enn at alt godt lyt koma utanfraa.

I samanheng med dette stend daa ogso den trui,
at folk her nord og germanane i de heile ikkje hadde
nokon kultur fyri vikingtidi og „folkevandringi“, so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free