Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
14
hjaa germanane aa laga og kveda baade gudekvad og
heltekvad, dei einaste sogu-verk dei hadde, som Tacitus
segjer. Prøvur av denne skaldskapen hev me likevel
ikkje eldre enn fraa ikring 500 etter Kr. og utetter.
Dei eldste er daa dei gamle angelsaksiske kvadi, som
de store Beovulf-kvæde, som i sin eldste skapnad maa
vera fraa de 6te hundradaare. Noko eldre er sume av
dei eldste innskriftine paa runesteinar, som og er paa
vers, soleis som den namngjetne innskrifti paa
Tunesteinen fraa Austfold (Smaaleni). Eit stykke av eit
gamalltysk kvad, Hildebrands-kvade, maa ogso vera fraa
denne tidi, endaa um de ikkje er uppskrivi fyrr enn
noko etter 800. Alle desse syner i hovudsaki same
versbygnaden som me jamnast finn i dei eldre norrøne
kvadi, Edda-kvadi og ymse andre, som Ynglingatal.
Til prøve skal me daa her, attaat deim som
framanfyri er gjevne av Ynglingatal, taka inn eit vers fraa
eit Edda-kvad, Vòluspaa:
Upp ser ho koma fossar fell der,
andre gongen og flyg ørn yvi,
jord or have, ørn som paa fjelle
herleg bjart-grøn; fiskar veider.
De sermerkte ved dette versemaale er for de fyrste
den korte og knappe formi. Kvart vers er paa 8 linur,
og lina -paa 2 versføtar, med ei tung og vanleg ei
lett staving i kvar fot. Dette gjer skilnad imot ein
slik som Homer med sitt heksameter og 15—17
stavingar i lina. Gjenom heile verse er de daa meir eller
mindre samanheng i meiningi, men vanleg so at de
fell i tvo holvur eller halv-vers, paa 4 linur, med ein
nærare samanheng i meiningi innanfor kvar holva.
Oftast er de og so, at denne holva skil seg i tvo og
tvo linur, linepar, med endaa nærare samanheng innan-,
for kvart av deim. Kor som er, er no allstødt desse
linur sambundne tvo og tvo, til linepar, med eit rim
som er sereigi for all gamall germansk dikting,
framrim eller stavrim (alliteration) som de er kalla. Dette
er soleis, at fram-ljoden er den same i visse ord eller
stavingar i kvar av dei tvo linur, — same medljoden,
eller soleis at framljoden er ein sjølvljød i kvar av
desse stavingar, og daa ikkje netupp same, men heller
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>