Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
15
ulike sjølvljodar. Den eine av desse rimstavane skal
alltid vera i fyrste eller fyrste tunge stavingi i
andre eller siste lina av line-pare. Denne er kalla
hovudstaven. Til den skal so svara framljoden i
ei (eller stundom tvo) av dei tunge stavingar i
fyrste lina av line-pare, og den er kalla studil
(stydju-stav). Soleis i fyrste line-pare i verse her
framanfor er a i andre hovudstav, og u i upp studil;
hovudstav i andre line-pare / i herleg, og studil Ø i have.
Paa same maaten med / i tridje og fjorde line-pare,
berre at i tridje line-pare her er de tvo studlar i fyrste
lina, f i fossar og fell.
I hovudsaki gjeld dette all gamall germansk
dikting som me no hev prøvur av, um ikkje i eit og alt;
soleis ser de ut til at avdeildingi i vers med eit visst
tal linur ikkje var komi i bruk i den gamle
angelsaksiske og tyske diktingi. Derimot slikt som stavrime,
som me finn aalgjengt hjaa alle germanske folk, kann
me daa skyna hev høyrt med til deira dikting og vori
sermerkjande for den alt fraa dei eldste tidir. Med
alt dette kann de likevel godt fraa gamalt av ha vori
ymse avbrigde i versemaale som me no ikkje kjenner
til, daa de etter maaten erso lite me hev av gamall
germansk dikting fyri den norrøne i vikingtidi. Nok
er de, at i den eldste norrøne dikting finn me straks
ymse avbrøyte fraa de vanlegaste versemaale i
Eddakvadi, de som vanleg er kalla fornyrdes-lag, med vers
paa 8 linur og 4 stavingar i kvar line. Soleis alt i
Ynglingatal er de eit avbrøyte, med di at de der skifter
med 3 og 4 stavingar i lina, og dette versemaale er,
til skilnad fraa fornyrdes-lag, kalla /vidu-ħhaatt Eitt
versemaal er med vanleg 5 stavingar i lina, maala-ħaatt,
og eit anna, med sterkt skiftande stavings-tal og berre
6 linur i verse, er kalla jjoda-ħaatt. Men her skal me
serleg feste oss ved den versbygnaden som er vanleg i
skaldekvadi dei kallar, og sermerkjer deim.
„Skaldekvad“ er no i røyndi like mykje alle kvad,
med di at skald tyder de same som diktar; men etter
kvart hev de vorti vanlegt aa bruke namne serleg um
dei kvædi me hev etter namngjevne skaldar, for
de meste dikta um og til kongar og hovdingar i deira
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>