Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
16
samtid. Dei sermerkjer seg for de fyrste med ein
annan og vandare versbygnad. I verse er de her og 8
linur, liksom i fornyrdes-lag; men linune er lenger,
soleis at de vert 6 stavingar og 3 versføtar i lina, og
den siste versfoten i lina alltid i dette versemaale eit
tvostavings-ord, med siste stavingi lett. Med di at
linune her er so mykje lenger, krevst de, til at
stavrime kann koma sterkt nok fram, at de alltid er tvo
studlar i fyrste lina av line-pare. Men de mest
scrmerkjande her er no eit slag inn-rim millom tvo av
stavingane i lina, og som er kalla hendingar}.
Av deim er de tvo slag, heilhending og
halvhending. I heilhendingi er de fullt samsvar millom
dei tvo stavingar baade i sjølvljoden og
medljods-utgangen, i halvhending er sjølvljodane ulike, men
medljodsutgangen den same i dei tvo stavingar. De vanlege
er daa, at de er halvhending i fyrste og heilhending i
andre lina av line-pare. Dette versemaal er kalla
drottkvætt, av di de var vanlegt, at skalden sagde fram desse
kvædi for kongen eller hovdingen soleis at drotti eller
hirdi høyrde paa. Me skal her setja eit line-par til prøve :
Lett og lite, de heiter,
Jauken treng til aa aukast.?)
Her hev me daa for de fyrste framrim med / i
lauken (hovudstav) og lett og lite (studlane). Halvhen-
ding er if — eit i lite — heiter, og heilhending auk i
lauken — aukast. Til betre framsyning kann me med
de same taka eit line-par til:
Blod sprænte paa brynte
branden; gramen vann lande.
Som me ser, er den eine hendings-stavingi alltid
den næstsiste stavingi, og soleis den siste av dei 3
vegt-tunge stavingar i lina. Den andre hendings-stavingi
maa vera skild fraa den siste med minst ei staving
1) Namne tyder vel at dei skulde gjera de lettare aa
aahende, gripe og hugse de som var sagt, og for so vidt svarar
nok namne vel. — ?) Av di lauken er ein litin vokster og soleis
ikkje treng mykje til næring. Meiningi med ordtake synest elles
vera den, at han er lett aa lokke som sjølv vil. — Spræne,
sprøyte. — Brand, sverd. — Gram, hovding, her-konge.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>