- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
18

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18

lané i line-pare, og ikkje noko meir eller andre
tonetunge ord som gav stavrim i lina. Med hendingane
var de likevel ikkje fullt so strengt, um de vart
„trihent“ av og til, og tri studlar for tvo kunde ein og
stundom tola. Visse „løyve“ eller undantak var no
gjevne elles og, men dei med hadde sine reglar. Dei
tvo fyrste versføtane i lina kunde t. d. hava tvo (eller
tri) lette stavingar i staden for ein, soleis at lina i visse
tilfelle kunde hava 7 og upp til 9 stavingar i staden
for 6; men daa galdt de aa agte vel paa „uppløysing“
og slikt, so at stavingane ikkje vart for drjuge.

Men var dei strenge paa versemaale, so tok dei
seg i skaldekvadi so mykje større „løyve“ i andre
vegar. I vissa tok dei de svært fritt med ordsetnaden,
soleis at dei ofte kasta ordi um kvarandre paa ein
maate som no maa synast oss heilt loglaus, endaa um
de viser seg, med eit gløggare ettersyn, at de var
nok visse logir her og. Ein annan utveg dei hadde
aa taka til, var de rike ordskifte, ei mengd med ord
aa velja millom for eitt og de same, t. d. til aa nemne
hermann, konge o. dl., og rokk de ikkje til med
einskilde ord, daa mange slag umskrivingar, med tvo, tri
eller fleire ord, til aa segja de same som elles med
eitt. Soleis ein hovding som var flote-førar kunde dei
kalle skips-styrar; naar so skipe vart kalla hav-hest, so
vart føraren havhest-tøymar el. dl. Endaa kunde dei
t. d. her kalle have for baare-veg, so dei paa den
maaten kunde faa 8—4 eller 5 tillagsord til de eine
upphavlege.!) De er dette som er kalla Żenningar, av
di desse tillagsordi skulde vera til aa serkjenne
upphavsorde. Fraa fyrst av var dette sjølvsagt meint til
aa gjeva ei meir livande framsyning, — „hav-hest“
skulde t. d. teikne paa kortaste maaten korleis skipe
rende eller dansa som ein hest yvi baarune. De er
soleis nær samanheng millom bruke av kenningar og

1) De er daa aa merke, at dei ikkje brukte so mykje
ordsamansetningar, men oftast ordi skilde, berre med serskild form
paa orde (genitiv) til aa syne at de var tillegg til eit anna, noko
som me no hev lite att av (som t. d. manns ord, manna maal),
soleis at de no er uraad aa umsetja beint fram mange av desse
umskrivingane.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free