- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
19

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

19

den nemnde sterke sansen for kort og knapp form.
Men etter kvart kom de til de, at desse mange ordi
og vendingane ofte vart brukte meir til pryd, som
skulde høyre med til skaldskap, soleis at de t. d. mest
ikkje var loglegt aa bruke slike ord som ñan og dei,
men at ein i staden alltid skulde skifte med nemningar
og umskrivingar. Mang ein gong var de vel og at
dei vart brukte mest for dei vande rimi si skuld, I
den gode skalde-tidi la dei no likevel vegt paa at slikt
vart brukt med maate, og soleis at de høvde vel til.

De er desse kenningane som mykje hev gjort
skaldekvadi so vande aa skyna, stundom jamvel for
lærde folk; for dei er so mange og mange slag, so de
er ikkje lett no aa finne greide paa deim alle. Er de
tvo eller fleire umskrivingar saman i eit vers, og ordi
er kasta um kvarandre, so kann de og vera vandt nok
aa vita kvar de eller de orde høyrer til, og ein kann
daa faa fram ulike meiningar, etter som ein tek de
paa den eine eller den andre maaten, — ikkje aa tala
um at ord og ordlag kann vera forvende, soleis som
me no hev deim. Dei same kenningane er de nok og
som hev gjort mest til at skaldekvadi hev fengi eit
laakt ord paa seg, at de er berre vridne ordkunstir,
som de ikkje er noko gagns innhald i. Men dette er
daa likevel meir lesaren enn kvadi si skuld, — at han
hev vori for snar med sin dom. Set ein seg
skikkeleg: inn i kvadi fraa den rette skaldetidi, skal ein nok
faa anna aa finne, at her er ein rikdom av dikting av
beste slag. Visst kann ein sjaa at dei mange og sterke
bandi stundom hev vori til meins for innhalde paa
ymse maatar, og de er ikkje mange av desse
„drottkvædi“, soleis som t. d. Sigvats Bersöglisvisur, som
stend heilt paa høgd med dei beste av Edda-kvadi eller
andre i friare versemaal, slike som dei beste av
Hornklove eller Egil Skallagrimsson. Men skaldekvadi hev
no sine fyrimunir, dei og, og naar alt høver vel til
her, kann vendingane faa ein sving og ei magt som
ein knapt kunde naa paa annan maate. Eit sers verd
hev dei no og for oss her i lande, mange av desse
kvadi, med di me hev mykje deim aa takke for at
me hev so vidt rik og trygg kjennskap til vaart lands

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free