- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
25

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

25

de alt saman er. Ein skal ikkje finne noko som de
trengst aa „lufte ut“ der.

I mange maatar kunde de vori betre aa fengi
kvadi soleis som me no for de meste hev deim, i sogur
og forteljingar, innlagt eit vers eller tvo um gongen
her og der, etter som dei høver inn. Paa den maaten
vert de ikkje berre eit høvelegt og kjærkomi umskifte
fraa de eine til de andre, men de som verse skildrar
vert so mykje klaarare og lettare aa skyna, naar ein
fær de soleis i samanheng med ei heil utgreiding um
dei emni som skalden hev fyri seg. Paa den andre
sida kann de ogso vera godt for noko aa hava kvadi
fyri seg i samanheng, so heile som dei er aa faa, og
sjaa korleis dei tek seg ut daa. Naar ein les deim
soleis noko her og noko der, fær ein lett den
synsmaaten i seg, at dei gamle skaldane hadde de med
aa hespe av eit vers eller tvo alt i eit, snart sagt
ved alle slag høve. Aa nei, i røyndi gjekk de nok
heilt annarleis til. Hendemaals-vers, slengestev og
slikt, „lausa-visur“ som dei var kalla, brukte dei nok
aa kveda i dei dagar ogso, og de galdt for ein rett
skald aa vera buin i den vegen med; men i røyndi er
de reint lite me hev av de slage, i minsto som høyrer
heime i vaart land, um de ser ut til de hev vori noko
meir i bruk paa sjølve Island. De rette er, at mest
alt saman høyrer til større, samanhangande kvæde, og
som visseleg ikkje jamleg var gjorde i ei braavending.
Aa vera skald vår i de heile eit yrke som kravde sin
mann. For de fyrste høyrde de no ein heil fyriskule
til. De unge skalde-emne lærde skaldskap av umgang
og samtale med eldre kalls-brørar. De var alle slag
gløgge og fine reglar for versbygnaden aa lære, eit
heilt skaldemaal med sine nemningar og segnir um
gudar, jotnar, dvergar, gamle kjempur, kongar o. s. fr.,
soleis til dømes ei 120 Odins-namn og namni paa ei
70—80 gamle sjøkongar som de kunde vera spursmaal
um. I vissa laut den unge skalden setja seg inn i og
feste i minne eit heilt utval av eldre kvad, so han
fekk eit fast grunnlag og alltid kunde hava sine
mynster ved handi aa taka- til og rette seg etter. … Difor
baade kunde og maatte han likevel staa fri til sine

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free