Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
26
mynster, endaa um dette sjølvsagt førde til at ymse
vendingar kom til aa gange att fraa den eine skalden
til den andre. Skulde han so kveda um noko han
sjølv ikkje hadde vori med i, galdt de aa spyrja seg
vel fyri og setja seg inn i og hugse grant hendingar
og umstødur; de hadde ikkje vori spøk aa koma med
misgrip i desse ting framfor ei forsamling der dei fleste
kjende vel til korleis.heile samanhengen var, i ei tid
og hjaa eit folk som me veit nettupp var strenge
paa slikt.
Soleis buin kunde daa skalden taka seg fyri aa
setja saman sitt kvad. Og de gjorde han helst utetter
natti, naar dei andre sov og de var stillt ikring
honom; — noko „kontor“ eller arbeidsrom for
seg sjølv hadde ikkje skaldane daa, maa vita, soleis
som diktarar og bokskrivarar no.
Um landvord høg eg laga
lovkvad, daa andre svaavo,
segjer Einar Skaalaglam. Og i sogo um Egil
Skallagrimsson er de fortalt, at daa den unge skalden Einar
Skaalaglam var paa vitjing hjaa Egil og ikkje fann
honom heime, lagde han etter seg til gaave ein staseleg
skjold han hadde fengi av Haakon jarl; men daa Egil
kom heim og fekk sjaa dette, vart han vond og sagde:
„Meiner han at eg skal vaka yvi og dikte eit kvad um
skjolden hans?“ Dette gjorde han no likevel, og dikta
eit kvad um skjolden, men som de no ikkje er att
stort av.
Naar so eit kvad var dikta, var de aa „feste“
de, som de heiter, i minne, til tidi kom til aa segja
de fram, og dess-imillom kunde de ofte taka ei drjugt
lang tid, t. d. ei lang ferd fraa de eine land til de
andre. Noko smaaverk var de heller ikkje, flestalle
desse kvædi. Eit rett ærekvad til ein konge, eller ei
draape, skulde vera paa minst 20 vers; men for de
meste var dei visstnok ein god mun lenger, upp til
halvhundrad vers og meir. Me ser soleis at dette
heilt igjenom var aalvorsarbeid, som me gjer rettast i
Landvord, landvaktar, landverjar, soleis konge el. dl.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>