Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Brage den gamle.
Ein skal ikkje anna segja, enn at de ser ut som
eit merkelegt høve, at den eldste norske skalden de no
liver kvæde etter, skulde hava eit slikt namn som Brage
den gamle, eit namn som med ein gong minner ein
um noko som ein oldefar for alle skaldar, — so mykje
meir naar ein attaat veit at Brage var namne paa sjølve
skaldeguden. Men dette same namne, som truleg hev
gjort sitt til at skalden kom i høg vyrdnad i gamle
dagar, og til aa berge noko av kvadi hans for ettertidi,
de var nettupp de fyrste som gjorde honom mistenkt i
ei tvilesjuk tid som vaar. I staden for diktar tok dei
heile mannen for dikt, som høyrde heime i same verdi
som guden Brage. Etter dei fekk tenkt seg betre um,
er no likevel alle kunnuge og skynuge folk paa de
reine med at mannen sjølv hev vori so jordfast som nokon
annan skald. De er altfor mange gode vitnemaal som
syner de, til at de kann vera nokon vitug grunn til aa
tvila paa den ting, — vitnemaal fraa ulike leidir, men
som alle peikar same vegen og til same tidi, til ei tid
fraa 800 utetter, daa skalden med dette malmsterke
namne -hev livt og sungi.
| Hans ætt fær me god grein paa og kann fylgje
henne led for led i ymse greinir nedetter, um ikkje so
langt uppetter, — til den sida fær me lite oss med aa
vita at far hans heitte Bodde, og hans verfar Erp
lutande, som sjølv var skald. Men til den andre sida
ser me i sogo um Egil Skallagrimsson at Egils gode
ven, Arinbjørn herse i Fjordane (d. 969), talar
um sin „frende“ Brage, at han paa ei natt gjorde ei
draape paa 20 vers um sviakongen Bjørn, og i Land-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>