- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
33

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

33

kvad, og som vanleg er kalla Ragnarsdraapa. Men
dette namne høver ikkje rett, med dide ikkje er eit
kvad um den nemnde kong Ragnar sjølv, men um ein
skjold som Brage hadde fengi 1 gaave av honom, —
eller rettare sagt: um ymse A ilburdar etter gamle segnir
som stod maala paa skjolden. Soleis er de og neunf
um beint fram fleire gongir i sjølve kvade. Men ikkje
nok med dette, men de syner seg og, at kvade held
seg heilt i stilen, — skildrar tilburdane soleis som ein
helst maa tenkje seg at skalden saag deim teikna paa
skjolden, kort og knapt, og ikkje soleis som ein diktar
vanleg vilde skildre de elles, med mangt og mykje som
vandt eller slett ikkje kunde vera maala paa ein skjold.
Eit og anna kunde skalden sjølvsagt koma til aa setja
til av sitt eigi til ei slik skildring med, men ikkje mykje,
um de var ein rett skald. Merke seg skal ein og, at
skalden byrjar med aa tala til ein mann med namn
Ravnkjetil, som ein kann skyna hev bori gaava fram, og
som de truleg er meiningi skal lære kvade og segja de
fram for kongen i staden for skalden sjølv. Skulde de
daa vera soleis som Bugge meiner, at ein islending meir
enn hundrad aar etter Brage si tid hev dikta dette
kvade i hans namn, so lyt ein segja at dette hev vori
ein framifraa drivin og ut-tenkt kar, — og de til lite
nytte, utan so han skulde vori framtenkt nok til aa
vilja narre jamvel dei gløgge og lærde bokmennar i
vaare dagar. I si eigi tid hadde han visst vorti like
godt trudd, um han ikkje hadde gjort seg so mykje
fyri i den vegen. Er de so, at skalden hev tenkt paa
Ragnar Lodbrok, som segni hev so mykje aa fortelja
um, og truleg hadde ikkje so lite alt ved den tid de
her skulde vera tale um (i siste helvti av 10de
hundradaare), so hadde visst kvade vunni meir i den tid, um
de t. d. i staden for dette med Ravnkjetil hadde byrja
med nokre velvalde ord til aa syne kva for ein ovkar
denne Ragnar var; men slikt ser ein ikkje noko til.
Ei onnor sak er de, at seinare, daa dei var komne rett
i gang med sogur paa Island, og vart vande med at
de i deim ofte var kvæde etter gamle skaldar, so tok
dei etter kvart til aa laga kvæde, oftast lause vers, til
aa setja inn til pryd i flestalle sogune, og lagde deim i
2

Gamle skaldar og kvad,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free