Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
34
niunnen paa folk som de der var fortalt um. Men de
fyrste me veit um at de var teki til med slikt noko, er.
ikkje fyrr enn gode hundrad aar etter dette, ikring
1100. For de meste ber no ogso desse kvædi slike merke
paa at dei er „uegte“, so dei jamnast forraader seg lett
nok sjølve. Naar t. d. ein diktar lèt Ragnar Lodbrok
tala um odda messa (òdd-messa 9: strid) i staden for
odd-rid eller slikt, so er de ikkje vandt aa sjaa kva tid
han høyrer heime i. Eit spursmaal er de og, um de
i røyndi var meiningi aa narre folk med noko av dette,
meir enn naar diktarar no for tidi legg songar i munnen
paa sine folk. I minsto hev ein ingin grunn til aa tru
de med slike kvæde som de sist nemnde um Ragnar
Lodbrok, der diktaren lèt honom kveda i ormegarden
um sitt liv og dei mange storverk han hadde gjort i sine
dagar, — ikkje meir enn naar Edda-skalden lèt Odin
kveda de lange Haavamaal, og sameleis med fleire andre
Edda-kvad, ikkje aa tala um dei mange ein elles kunde
nemne fraa snart sagt alle tidir og hjaa alle folk, men
som alle jamnast hev visst aa skilja vel fraa fusk. Men
skulde ein taka dette Brage-kvade for fusk og setja de
til langt ut i 10de hundradaare, so kunde eller maatte
cin med likso god grunn gjera de same med ei mengd
andre kvad, truleg mest alle kvad i drottkvætt
versemaal som hev gjengi for aa vera fraa tidi fyri 1000,
og setja deim til ei endaa seinare tid enn Brage-kvade,
med di dei fleste av deim ber merke av aa vera yngre
enn dette. Skaldar som Hornklove, Gutorm Sindre, Egil
Skallagrimsson, Øyvind Skaldespillar, Einar Skaalaglanı
o. fl., endaa me hev kvad etter deim som ingin kann
tvila paa er egte, dei kom paa .denne maaten til aa
misse mange, eller sume jamvel alle kvad som dei fyrr
hev havt æra for, og eit bøle av heilt ukjende fuskarar
kom til aa faa heile æra eller skammi i staden. Men
til aa gjera cin slik umstøyt med greide vitnemaal fraa
folk som i de heile hev synt seg so paalitande som vaare
gamle sogumennar, krevst de sterkare grunnar enn de
endaa er gjevi, — beint fram uimotsegjande grunnar.
De dei hev meint aa faa best tak paa de "nemnđe
Brage-kvade med, er dette med Ragnar Lodbrok. Denne
mannen er ein ay dei kultane som serleg hev vorti
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>