- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
35

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tekne til emne for folkedikting, og hev vorti so umdikta
i segni fraa tid til tid, so de no er vandt aa skilja ut
kva de kann vera av sant i de heile. At de hev livt
cin konge med de namn, og ved den tid som dei mest
truande vitnemaali peikar til, ved S800 og utetter, er
trulegt nok. Men millom alle dei kongar eller hovdingar
som me hev vitnemaal um fraa hans eigi samtid skulde
vera, er de vandt aa finne nokon som kann høve
nokorleis til aa vera Ragnar Lodbrok, etter de som i segni
er fortalt um honom. Mest peikar i den leidi, som de
og er fortalt baade i den islendske segni og hjaa Sakse
(Saxo), at han, liksom hans far Sigurd Ring, er ætta
fraa Ringerike, kvar de so elles vart av honom. Millom
anna er aa nemne, at tvo av sønine hans Harald
Haarfagre med Alvhild Rin gs-dotter fraa Ringerike er kalla
Ri ng og Ragnar (Ragnar Rykkil), og at baae namni,
serleg Ring-namne, heldt seg i fleire ættled seinare
millom upplendings-kongane. Men elles er aa merke,
at um den mannen som Brage-kvade gjeld, er de ikkje
der sagt anna enn at han heitte Ragnar og var konge og
son aat Sigurd, — ikkje de grand meir. Og jamvel i i
teksti i Snorre-Edda, der kvade no er aa finne, er han
i sume av handskriftine nemnd berre Ragnar, so de
er ikkje ein gong sagt at Snorre sjølv hev meint de
var Ragnar Lodbrok. De er soleis ikkje noko i vegen
for at dette kann ha vori ein annan av dei mange
kongar de var fyri Harald Haarfagre si tid, og som me
no slett ikkje kjenner med namn alle saman.

Av serleg gamle ordformir kann ein ikkje vente
aa ‘i noko meir her enn andre stadir, daa dei vanleg
laut „fylgje med tidi“, soleis at. dei no for de meste
svarar til den tid daa dei vart uppskrivne. Nokre
serformir er de likevel her, som rime hev haldi ved lag.
Soleis fRaufuð for höfuð (hovud). Andre hev i dette
set svensk paaverknad. Men skulde de ikkje daa liggje
nærare aa tenkje paa at dette orde no i Nordfjord og
nordetter derifraa heiter haud (eller hau). De hev
fyrr og vori meint, at dette heng saman med eit gamalt
haufuð. I minsto ‘finst de ikkje i Nordfjord elles nokon
slik yvigang som fraa hovud til haud. De lyder t. d.
der stove o. s. fr., og ikkje stawe, sorm i Romsdalen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free