Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
47
paa kvar han er ætta fraa. De maa daa vera fraa de
bygdelage paa Vestagdir, upp vestantil Lista, som endaa
ber dette namne (Kvinesdal), der de ser ut til han og for
de meste hev havt sin bustad. Fraa Ynglingatal veit
me nok at han maa ha livt ei tid paa Vestfold, der han
gjorde dette kvade for Rognvald Heidumhære, og av
Heimskringla og elles kann me sjaa at han til sine
tidir hev vori med kong Harald Haarfagre og var ein
kjær ven aat honom, so han hadde son hans, Gudrød
Ljome, til fostrings. Men denne kongssonen hey han
vel daa for de meste havt hjaa seg heime paa sin eigin
gard, og soleis butt der sjølv med. Like eins maa ein
tru at de og er ein gild gard han hev aatt, og hev
vori ein av stormennane i si tid. Same leidi peikar de
og, at de ser ut til Tjodolvy hev vori med i eit sendelag
fraa kong Harald til aa fri for honom til den danske
kongsdotteri Ragnhild. Paa denne ferdi er de vel han
hev vorti kjend med den danske jarlen Svein og hev
gjort eit kvad aat honom, som de er fortalt i Skaldatal.
Namne Strutharald, som sume handskriftir hev her,
er vel komi inn seinare, for di Svein var meir ukjent
som dansk jarle-namn. Í minsto hev me noko av eit
kvad etter Tjodolv, der de er sagt at dei storlaatne
danske hirdkvendi til dronning Ragnhild skal sleppe
aa kyte av at mennane deira hev gjevi val-dyri meir
føde enn kong Harald.
De einaste kvade etter Tjodolv, forutan Ynglingatal,
som de no er noko større att av, er eit som er kalla
Haustlong. Kva namne skal tyde, er uvisst aa vita.
De synest helst som de skal segja at de hev teki ein
heil haust for skalden aa setja de ihop. De er eit
skjoldkvad, av same slag som de me hev etter Brage,
og berre 2 bolkar, de me no hev av de; men dei er heller
lange og ser ut til aa vera nokolunde heile. Um den
mannen som hev gjevi skjolden, og som kvade er gjort
for, er de endaa mindre rettleiding aa finne her enn i
skjoldkvade hans Brage; det er berre nemnt at han
heiter Torleiv, og ikkje noko meir. Men iSkaldatal
er de sagt, at Tjodolv kvad for Torleiv Spake, og
truleg er de daa honom dette kvade er dikta til. Med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>