Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
50
greidt imot Schübeler i dette stykke. Den som
samanliknar deim med slike som vaare „gravensteinar“ no,
kann vel med ein viss rett kalle desse epli og vill-epli
i de heile for „uspiselige“. Men elles vil eg segja um
dei nemnde epli at dei var betre og friskare paa smak
enn flestalle hage-epli som voks heime i bygdine der i
mine gutedagar. Dei hadde jamleg ein dauv, leid
„grassmak“, soleis som epli i gamle vanstelte hagar
vanleg kev. Ein annan av dei mange vill-aplane der
paa garden var kalla „Kviten“. Han var gamall og
mykje mindre enn „Snusen“, men bar eple som var
baade større og betre paa smak, og i vissa sermerkte
dei seg med ein farge so fin, so eg endaa ikkje hev set
han finare paa eple av noko slag.
I gamle dagar, daa dei ikkje hadde andre enn
slike aplar her i lande, er de trulegt at dei i de heile
stelte betre baade med deim og frukti, og so lengi dei
heller ikkje hadde betre av de slage, maa ein tru at
ho og vart haldi gjæv. Attaat fær ein gaa ut ifraa at
dei kunde tenkje seg epli i Gudeheimen endaa gjævare,
kostelege baade aa smaka paa og sjaa til, og med
framifraa givnad paa ymse maatar. Med alt dette vil
eg likevel ikkje segja de skulde vera trulegast, at
segni um Idunn og epli hennar hev sitt fyrste upphav
her i lande. Eg vil berre segja so mykje, at eg meiner
de fraa rikeleg lang tid attende hev vori slik „jordbotn“
at ho vel kunde halde seg og trivast her med, fyrst ho
var „umplanta“, — og noko meir er de ikkje um aa
gjera for dei spursmaali de her gjeld.
Bugge meiner no um denne segni um Idunn og
epli hennar, at ho ikkje hev vori folke-eign her i lande.
„Hun (Idunn) er ligesom sin mand digterguden Brage
skabt af høvdingeskaldene, og i deres digtning har
hendes billede levet og udviklet sig.“ Men lat oss no
sjaa kva Haustlong sjølv lærer oss um den ting. Me
gjeng daa ut ifraa at i den eldste skaldetid i minsto
dikta ikkje skaldane fyrst og fremst for sine kallsbrørar,
men for „lækfolk“, og utan tanke paa- at de skulde
lærde karar til aa tolke kvadi deira for folk. Legg so
merke til korleis segni kjem fram her i kvade. De er
nemnt slikt som at Idunn kunde gjeva æsine „raadbot
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>