- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
53

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

35

Skulde ein so leite etter anna som beint fram
kunde syne at Tjodolv fraa Kvine er den som hev
dikta Haustlong, fekk de helst vera ei samanlikning
millom dette og Ynglingatal, daa me no trygt kann
gaa ut ifraa at de hev seg heilt rett med Tjodolvs
eigedomsrett til dette kvae. Ein fær daa likevel hugse
paa, etter de som fyrr er sagt, at de maa liggje ei
heller lang tid millom desse tvo kvadi, og emni og
versbygnad o. a. er heilt ulike, so ein kann ikkje vente
aa finne so sterk likskap millom deim, um dei so er
av same mannen. Av einskilde ting kann me peike paa
slikt som at Skade i baae kvadi er kalla Ondurdis
(ski-møyi) eller Ondurgoð. Ein slik ting kann vel
ikkje vera mykje aa byggje paa; men nemne de kann
ein no, so mykje meir som de ser ut til de ikkje
er aa finne hjaa nokon skald elles, andre enn Brage.
Meir er de aa leggje vegt paa, at gudane i Haustlong
er kalla Yngve-Frøys æ tingar. Ei slik
umskriving skulde knapt liggje nær aa taka til for nokon
skald, ndre enn Tjodolv, som hadde havt so mykje
aa gjera med dette namne i Ynglingatal, — og dette
er daa ogso einaste gongen ein finn denne vendingi
brukt hjaa nokon skald. Fit endaa betre prov av dette
slage synest de vera, at stut i Haustlong er kalla
aak-bjørn, liksom i Ynglingatal aak-rein; dette
like eins berre i desse tvo kvadi. Andre, som er
betre kjende med den gamle skaldskapen, og meir
upptamde til slike granskingar, kunde truleg finne
fleire slike prov, og kanskje betre med, —
endaa ein kann ikkje godt vente deim so mykje
betre heller.

I slikt som stil og svip i de heile er de ikkje so
beint aa syne fram skyldskapen, i vissa naar emne og
versbygnad er so ulike som her nemnt. Ein som var
sers gløgg til aa sjaa og granske etter slikt, trur eg
no likevel skulde finne mykje ved dei tvo kvadi som
tyder paa same skaldegivnaden. Baae syner ein skald
som hev sers lett for aa ordleide seg, faa rikt umskifte
paa de og svinge de fint og laglegt til. Vendingar og
umskrivingar synest ofte søkte cller kunstne, men
likevel ikkje vridne eller stive; heller er dei noko skalkute

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free