Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
32
poetiske og mythiske karakter ikke at kunne være ældre
end fra tiden henimod midten av det 10de aarhundred“.
Gjeng mne ut ifraa dei gamle- vitnemaali sjølve og de
som gjev best samsvar med deim, skulde ein koma til
den endelykti, som remnt, at kvade maa vera. fraa tidi
910—200 paa lag. Alt som skil skulde soleis vera
ei 20—30 aar. Dette maa ein daa segja synest noko
lite aa stridast um, og hardt aa skyna kva som skulde
gjera de naudsynlegt aa forkaste alle dei gamle og i
de heile vel samsvarande vitnemaali, berre for aa faa
gjort kvade desse faa aari yngre. De maa vera heller
haarfine grunnar som skulde gjera slikt, so haarfine
at ein ikkje ein gong kann sjaa deim i de Bugge hev
haldi fram, og vandt nok er de aa tenkje seg slike
grunnar, — utan de skulde vera den, at de vilde vera
faarlegi for heile den synsmaaten Bugge hev gjort seg
til talsmann for, um eit einaste av dei gamle vitnemaali
um skaldekvadi fekk staa urigga.
Bugge nemner ikkje noko um „islendingar“ her,
og ikkje ein gong um „de britiske øer“, so ein kann
vel daa gaa ut ifraa at han ikkje hev funni de minste
som tyder paa anna enn at skalden var heilt nordmann.
Kvade sjølv talar daa og greidt nok for at de hev
havt ein nordmann til diktar, jamvel soleis at ein
nokolunde kann sjaa kva kant av lande han er ifraa. Ein
kann berre leggje merke kor annvint han hev de
med fjell, stein og urd o. dl, i Jotunheim. Dette tyder
paa ein mann som nok jatet ymist til slikt, men
ikkje nettupp til vanleg hev livt midt uppe i de.
Ein manu som sjølv livde inne i ein fjellheim, vilde
ikkje gjerne hava de med aa feste seg so mykje ved
slikt eller halde so sterkt fram likskapen millom sin
eigin heim og den fæle Jotunheimen. Attaat kann ein
sjaa at skalden tenkjer seg Jotunheimen i nord (Idunn
kom dit sunnan). Alt dette høver daa vel til med
de me veit um Tjodolv fraa Kvine, at han livde si
meste tid sør med Lista eller paa Vestfold og der ikring,
og soleis var vand til aa tenkje seg rette fjellheime ni
nord. Elles ser me at nordmennane (og etter deim
islendingane) ofte tenkte seg Jotunheimen i aust, i
Bjarmeland eller burtanfor der.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>