Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
55
Ravnsmaal kjem høgre, og like eins Øyvind
Skaldespillar med sitt Haakonarmaal, endaa dei hev de aa
segja paa dette, at de skal vera ettergjort etter
Eiriksmaal. Paa den andre sida fær ein hugse paa de lettare
versemaale i desse kvadi, som ikkje var so mykje til
meins for aa faa sjølve innhalde slikt som skalden best
kunde og vilde.
Alt Ynglingatal, so uvandt versemaale der synest
vera, syner ein gløgg: og streng versbyggjar, og daa
ikkje mindre Haustlong med sitt meir kunstfulle
versemaal. Dette er heilt drottkvætt, mykje heilare og
strengare gjenomført enn hjaa Brage. Fullt gjenomført
i alle stykke er de no likevel ikkje her heller, soleis
som me no hev kvade. De er ei og onnor fyrilina
som er utan hending, og i nokre faa linur er de
halvhending for heilhending. Sume meiner daa at
desse veilune i versemaale ikkje er upphavlege, og tek
de for merke paa at her er noko forvendt. Dei hev
difor freista aa rette paa de, og stundom skal de heller
ikkje so store brigde til aa faa versemaale fullrett; men
ikkje alltid synest de soleis laga, at de byd seg nokor
rimeleg retting, so de er vel trulegast, at skalden sjølv
her og der hev teki dé noko friare med formi, naar de
ikkje vilde laga seg rett paa annan maate.
Fyrste bolken av kvade handlar, som nemnt, um
korleis Idunn eir gong vart burtførd fraa Aasgard til
Jotunheim. Etter de som er fortalt i Snorre-Edda,
gjekk de soleis til:
Tri æsir, Odin, Loke og Høne, fór ein gong heiman.
Dei fór yvi fjell og øydemarkir, og de var vondt for
mat. So kom dei ned i ein dal og fekk sjaa ein
yksneflokk der, og tek ein ukse og lagar til aa koke. Daa
dei trudde kjøte skulde vera kokt, ser dei etter, og so
var de ikkje kokt, og dette talar dei daa um
segimillom. So høyrer dei eit maal i eiki uppyvi seg, og
daa dei- ser upp, fær dei sjaa ein stor ørn. Han ba
um aa faa lov til aa eta seg mett av uksen, so skulde
kjøte snart verte kokt; og dette lova dei. Dermed lét
ørnen seg sige ned or trée og sette seg ved elden, og
tek med ein gong upp baae laari og bogane av uksen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>