Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6
Daa vart Loke sinna, og treiv upp ei diger stong
og køyrer den med all magt i kroppen paa ørnen.
Ørnen skvett ved hogge og flyg upp, med stongi hangande
fast ved kroppen, og Loke med hendane ved den andre
enden av stongi. Ørnen flyg ikkje høgre enn at Loke
med føtane tek ned i stein og urdir og skog, so han
trur hendane skal slitne fraa ahsline paa ionom, Loke
ropar høgt og bed um naade, men ørnen segjer han
aldri skal koma laus, utan so han lovar med eid at
han skal faa med seg Idunn med epli sine ut fraa
Aasgard; og Loke lovar de. Til fastsett tid lokkar
daa Loke Idunn med seg ut um Aasgard, til ein skog,
der han segjer han hev funni nokre eple som ho visst
vil tykkje gildt um, og bed henne taka med sine eigne
og likne ihop med. Daa kjem Tjasse der iørneham og
tek Idunn og flyg burt med henne til Jotunheim.
Æsine vart ille ved at Idunn var burte, og dei vart
snart graa og gamle. So heldt dei ting, og fekk der
spurt at Idunn var sist sédd daa ho gjekk ut or
Aasgard med Loke. Daa vart Loke tekin og førd fram,
og daa dei truga honom med dauden eller pinslur,
vart han rædd og lova aa hente Idunn fraa Jotunheim
att, um Frøya vilde laane honom haukehamen sin.
Han fær hamen og flyg nord i Jotunheim, og kjem
ein dag til der Tjasse budde. Han var paa sjøen,
men Idunn var heime, og Loke skapar henne um til
ei nòt og tek henne i klørne sine og flyg av garde,
de meste han vinn. Daa Tjasse kom heim og sakna
Idunn, tok han ørnehamen paa og flaug etter Loke.
Men daa æsine fekk sjaa hauken kom fljugande med
nòti, og ørnen etter, gjekk dei ut under borgveggen
og bar dit byrdar av hyvlspon. Daa so hauken var
komin inn um borgveggen, slo æsine eld i hyvlsponen,
og ørnen, som kom farande etter hauken, kunde ikkje
hevle seg, og so tok de eld i fjørhamen. SNoleis vart
Tjasse drepin innanfor Aasgards-grindi, og dette draape
er vidfrægt.
Andre bolken av kvade skildrar korleis Tor fór
til møte med jotunen Rungne, som hadde bodi honom
til einvig. Um dette er de i Snorre-Edda ei lang sogu.
Kort fortalt lyder ho soleis:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>