Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
(
Qt
Fin gong, medan Tor var i Austerveg og slost
med troll, hadde Odin terga jotunen Rungne "Hil aa ride
etter seg, soleis at han ikkje haadde etter, fyrr han
var komin innanfor grindi i Aasgard. Æsine baud
honom inn i halli til drykkje, og Rungne tømde alle
dei skaaline dei baud honom, slike store som Tor
brukte aa drikke av. Daa han vart drukkin, skorta
de ikkje paa store ord. Han kytte med at han
skulde taka heile Valhall med seg aat Jotunheim og
drepa alle gudane, so nær som Frøya og Siv, som han
vilde hava heime hjaa seg. Men best de var kom
Tor inn i halli, reidde hamaren og truga Rungne med
at han skulde faa angre at han var komin dit inn.
tungne meinte at han hadde havt grid av Odin til aa
koma, og at de vilde vera til lite ære for Tor aa
drepa vaapnlaus mann, i staden for aa møte honom
ved land-skile, han med hamaren, og Rungne med
skjolden og heinen sin. Tor vilde ikkje vera den som
bar seg undan ei slik utbjoding, og lét Rungne fara
heim. Jotnane kjende seg noko utrygge for utfalle av
striden, endaa Rungne var den sterkaste av deim. So
laga dei tillein diger mann av leir, 9 mil (rastir) høg
og 3 mil breid under aksline, og gav honom hjarta av
e1 merr. Denne Mokkurkalven, som han var kalla,
stelte dei daa upp jamsides med Rungne, der han stod
og bida paa Tor. Tjalve fór med Tor til stemna, og
han ljop burttil der Rungne stod, og sagde: „Du
stend uvarleg, jotun! — held skjolden framanfor deg,
men Tor fer nede i jordi og kjem paa deg nedantil.“
Daa skaut Rungne skjolden under føtane paa seg, og
treiv heinen med baae hendar.) Daa saag han eldingar
og høyrde fæle toredyn; Tor kom farande i aasmiod,
1) Minner sterkt um velkjende drag i vaare folke-eventyr, dette.
Merkande er de, at kvade hev dette paa ein heilt annan
maate, De ser helst ut til at skalden her hev funni paa ei
forklaring paa eigi hand, med di at teikningi paa skjolden
truleg ikkje hev gjevi honom nokor rettleiding. De rettaste
cller mest upphavlege synest elles vera de, at Rungne hev
gjort dette for aa kunna bruke baae hendane tilaa kaste
heinen med so mykje større kraft.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>