Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
70
De einaste kvad elles etter Hornklove som de no
er noko større att av, er Glymdraapa, T heile og 2
halve vers. Men etter den lengd som slike kvad
vanleg hadde, kann ikkje dette vera anna enn nokre
mòlestykke av de heile. Av de som er att, kann ein sjaa at
de hev handla um dei mange herstridar Harald elles
hadde i sine yngre dagar, men ikkje noko um
Hafsfjord-slage. De er um hans fyrste herferd nord til
Trøndelag, um dei tvo sjøslagi ved Solskel, herferdi til
Gautland, og hans vesterhavs-ferd. 5 av desse versi
hev me i Heimskr. s. 62—73. Etter di me kann sjaa
at kvade i minsto gjeng so langt som til Haralds
vesterhavs-ferd, er de trulegt at de ikkje er yngre enn fraa
ikring 900. De er i heilt drottkvætt versemaal, og
syner i mangt de same gode og greide skaldelag som
me elles finn hjaa Hornklove, men kann likevel ikkje i
skaldeverd eller som tidsskildring mæle seg med
Ravnsmaal eller med Tjodolvs Haustlong, so langt ein kann
døme etter dei faa molane me no hev av de.
Etter dei andre skaldane som er aa rekne nærast
til same tid, er de no inginting att, eller berre nokre
faae linur, som ikkje kann gjeva oss stor visend um
deira skaldskap, og attaat ikkje alltid er lette aa tyde.
Best kjend av desse er elles OLVE NUVA. Um honom
er de fortalt ikkje lite i sogo um Egil Skallagrimsson.
Kjenningsnamne Nuva synest helst aa tyde paa at de
hev vori noko sers ved nasa hans, kanskje at han hev
fengi henne avhoggi i ein eller annan vaapnstrid. Han
var son aat Berdlu-Kaare, som hadde sitt namn etter
garden Berdla paa Bremangerland i Sunnfjord. Av
systkini hans Olve er nemnde broren Øyvind Lambe,
bestefar til Øyvind Skaldespillar, og systeri Salbjørg, som
vart gift med Kveldulv i Fjordane, og vart bestemor
til Egil Skallagrimsson. Olve fór lengi i vikingferd;
men so i eit gjestebod hjaa Atle jarl paa Gaular (indre
Holmedal i Sunnfjord) vart han so hardt hugtekin i
dotter hans, Solveig den fagre. Han fridde, men fekk
avslag, daa far hennar heldt dette for eit misgifte.
Dette tok han seg so nær, at han gav upp
vikingferdine, og søkte trøyst med aa dikte „mange
elskhugskvæde“ um henne. Men brørane hennar, som heldt fyri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>