- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
72

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

72

soleis, at ein gong gjesta kong Harald med sine skaldar
ei rik og vakker ekkje paa Nordmøre. Ho gav Audun
eit drikkehorn, og daa han var vortin drukkin, tok
han handi hennar og sagde: „Du er ei væn kvinne;
eg vil gjeva deg denne gullringen, fær eg vera hjaa
deg i natt.” Ho tok imot gullringen og sagde han
skulde koma til skemma hennar naar ein tridjung av
natti var gjengin. De same gjorde ho so med
Torbjørn Hornklove og Olve Nuva, berre at de vart sett
noko ulik tid til stemnemøte for kvar av deim. Men
daa skaldane kom til skemma, vart dei innlukte kvar
innanfor eit gjerde. Der stod dei daa og fraus i den
kalde natti, og gjorde imedan kvar sitt vers. Deim hev
me etterleivde alle tri, i drottkvætt versemaal, men elles
ikkje i godt stand, og de ser ikkje no ut til dei hev
vori mykje tess. lInnhalde som emne er daa og mykje
de same. De er ei klage yvi de vanhøve dei var
komne i, og yvi kvende-svik. Um morgonen fekk
kongen visst alt saman, og vart daa vond paa skaldane og
paalagde deim til straff alle tri aa gjera ei faarleg
sendeferd saman til sviakongen. Men hjaa sviakongen
vart skaldane „tekne i fred“, er de fortalt, og synte
der si store itrott med aa dikte til kongen og mange
andre stormennar.

Den femte skalden hjaa Harald Haarfagre var den
alt nemnde ULV SEBBESON. frenden hans Audun
Illskelda. Men etter honom er de no ikkje att de minste
av kvadi hans, og elles heller ikkje kjent noko meir um
honom enn de som alt er fortalt, endaa ein av
Skaldasaga kann sjaa at de i si tid hev vori ei heil sogu um
honom, sogo um Ulv Sebbeson og Kvig jarl.

Siste skalden som er aa nemne her, GUTORM SINDRE,
høyrer no rettast til ei seinare tid,- endaa me veit at
han og hev gjort eit kvæde um Harald Haarfagre.
Men mest hev han daa havt aa gjera med sønine hans,
fyrst med Halvdan Svarte (den yngre) og sidan med
Haakon den gode. Han var ein høg-ætta mann, er de
fortalt, og hev kanskje havt til fostrings denne Halvdan,
liksom Tjodolv fraa Kvine ein annan av sønine hans
Harald, Gudrød. Nok er de, at han fekk ei uppgaave
av same slag aa greide, aa faa forlikt far og son, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free