- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
73

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

73

denne gongen mykje aalvorlegare enn med Gudrød,
som de alt er vel kjent fraa den sogo Snorre hev um
dette. Dei kvædi som de der er fortalt um at han
hadde dikta um Harald sjølv og um hans son Halvdan,
og som han no tok seg løn for med aa faa kongane
forlikte, — av deim er de no ikkje noko att. Gutorm
hev elles knapt vori nokon hirdskald aa rekne for,
utan de skulde vera hjaa Haakon den gode. De er og
einast av hans kvad um denne kongen,
Haakonardraapa, at de no er noko etterleivt, 7 vers, som er
aa finne i Heimskringla (s. 97—112), og dessutan 2
halv-vers. Dei handlar um Haakons herferd til Danmark
og Gautland, korleis han sette Trygve Olavsson til
konge i Viki, um slagi millom Haakon og Eirikssønine
ved Agvaldsnes og paa Rastarkalv. Gutorm hev soleis
livt etter de sist nemnde slage (955); men daa han
ikkje er nemnd etter Haakon den gode si tid, er de
trulegt at han alt var daain ved 960. Versi er i
vanlegt drottkvætt versemaal, og fint og godt ihop-sette,
men elles ikkje noko sers ved deim.

Etter Harald Haarfagre si tid ser de ut som de
med ein gong tynnest tvert av med norske skaldar, i
minsto um ein skal døme etter tale paa deim som me
hev namn paa. Kva grunnen til dette kann vera, hev
me ikkje no lett for aa gjera oss ei meining um. De
kann ikkje vera tevling med islendingar som hev gjort
dette, ikkje i den fyrste tid i minsto. Dei tok no ikje
til aa gjera teneste ved den norske hirdi fyrr enn i
Gunnhildsønine sine dagar, og dei fyrste av deim var
endaa ikkje slike som de skulde vera so hardt aa tevle
med. Heller ikkje kann de vera „tidi“ aa skulde paa,
at de daa var so mykje uro, so utrygt, og soleis for
mykje anna aa tenkje paa, til at ei kunst som skaldskap
rett kunde trivast. I de 10de hundradaare utigjenom,
i Haakon den gode og Haakon jarl si styretid, var de
lange bolkar de etter maaten var fredlegt og trygt i
lande, samstundes som de vart gjort slike bragdir som vel
skulde kunna kveikje skaldar til aa kveda um deim,
endaa um de kanskje maatte taka seg mindre stort ut
for folk imot hendingane i Harald Haarfagre si tid.

For so vidt denne attergangen i skaldskap er noko.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free