- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
75

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

75

skaldegaavur kann ein lite døme etter so knappe prøyur,
som heller ikkje hev noko sermerkt ved seg fråmum
vanlege skaldevers i drottkvætt versemaal, — berre so
mykje at dei syner ho hev greidt godt aa handsama
dette vande versemaale.

Rekkja av namnkjende norske skaldar sluttar so
med ein som høyrer til dei mest velkjende mennar
i vaar gamle sogu. De er Øyvind. Finnsson, eller
ØYVIND SKALDESPILLAR, de namn som han best er
kjend med. Baade um hans ætt og heimstad er alt vel kjent.
De er fyrr nemnt um hans skyldskap med skaldane
Olve Nuva og Egil Skallagrimsson. Attaat var han
skyld med kongehuse; hans mor var ei dotterdotter aat
Harald Haarfagre, og han høyrde soleis paa den sida og
til ei ætt som de rann skaldeblod i aadrane paa. Baade
hans far og bestefar budde paa garden Sandnes, paa øyi
Aaløst (Alsten) i Haalogaland, og der var de og Øyvind
voks upp og budde si meste tid. Um hans son Haarek
fraa Tjotta (ei øy tett attmed) er de og fortalt at han
var skald (Heimskr. s. 4555—56), endaa um han visst
ikkje hev drivi skaldskap som noko handverk. Etter
de Øyvind sjølv segjer i ei vise, ikkje lengi etter slage
paa Stord (960), at han daa var ein aldrande mann,
skulde han vera fødd ved 910—20. Men de fyrste me
høyrer noko til honom er ikkje fyrr enn der ved slage
paa Stord, der han er mykje umtala. Sidan er han
ofte nemnd, og av eit av hans eigne kvad, Haaløygjatal,
veit me at han livde etter slage i Hjørungavaag; men
ì Olav Trygvesons tid er berre sonen Haarek nemnd,
so Øyvind maa vel vera daain ikring 995.

Um hans tilnamn Skaidespillar hev de vori
ulike meiningar, kva de skulde tyde, og ein kann knapt
segja de er paa de reine endaa. Dei fleste held no
helst paa de, at de skal tyde „skaldetynaren“, den som
øydelegg for andre skaldar, med aa laane eller rafse
fraa deim. Slike syndir veit me no elles alle gjer seg
skyldige i, meir eller mindre beint fram eller
medvitande; men med Øyvind kunde dette verte meir berrsynt,
med di de ser ut til han hadde de paa den maaten
som ymse andre store skaldar, at han hadde ikkje lett
for aa laga sjølve grindverke, men derimot, naar han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free