Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
76
fyrst hadde de, visste han godt aa fylle de. I so maate
hev han daa ingin ringare enn Shakespeare aa liknast
med. Men um so er at namne hev denne tyding, er
de visst nok, at de maa vera uvenir eller ovundsmennar
som hev gjevi honom de. Rett-terikt som han var —
eller nettupp for di han var de, og attaat hugdjerv —
fekk han mange og beiske uvenir i Gunnhildsønine si
tid, serleg for di han hekk so fast ved sin kjærleik til
den avlidne, folkekjære kongen, Haakon den gode.
Hans hovudverk i skaldskap er daa og hans
ervekvad um denne kongen, de velkjende Haakonarmaal.
De ber sjølv gode merke av at de er dikta med den
tilburden som er emne for kvade i friskt minne. Den
meiningi, at de skulde vera komi til noko lang tid
etter, hev berre siste verse aa byggje paa; men til de
er aa segja, at de næst-siste verse ber alle merke av
at de upphavleg hev vori de siste. De andre maa daa
vera komi til seinare, og visst nok er de han sjølv som
hev sett de til; han hev no vilja nytta tilhøve til aa
halde fram motsetningi millom Haakons tid og tilstande
i den tid Gunnhildsønine styrde. Kvade handlar daa
um Haakons siste herstrid og hans fall paa Stord, og
skildrar korleis han vert mottekin hjaa Odin i Valhall.
Her kjem de fram, de som hev vori rette endemaale
med kvade, der de vert sagt at „de daa vart kunnugt
korleis kongen hadde heidra heilagdomen“; de var aa
fri Haakons minne fraa de einaste lyte hans folk hadde
funni ved honom, at han ikkje hadde den rette trui.
Um daa skalden her i sin godvilje hey gjengi sanningi
drjugt nær, so kann me likevel vera trygge for at han
i de heile skildrar mannen og dei røynlege tilburdane
rett. Liksom dette kvade høyrer til dei faa som me
kann sjaa at me no hev i alle maatar heilt som de var
fraa skalden sjølv (Heimskr. 118—19), so høyrer de og
til dei utvalde millom dei mange gode kvad me hev
fraa vaar gamle tid. Planen er djupt og vel
gjenomtenkt, og utifraa vel gjenomførd. Med alt de liv, den
kraft og varme som kvade er fyllt av, syner de og ein fin
og høg kunst i framføringi. De er eit minnekvad som
er fullt verdigt den beste kanskje og gjævaste av dei
mange gjæve kongar vaart land hadde i dei tidir?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>