Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Norsk dikting etter vikingtidi.
Den draapa som Øyvind Skaldespillar gjorde „um
alle islendingar“ skulde faa si løn, ikkje berre i sylv,
men og i draapur som islendingar dikta um nordmennar,
og de so rikeleg at nordmennane no slapp alt stræv
med aa gjera de sjølve. I minsto veit me ikkje etter
denne tid aa nemne for visst nokor draape som hev ein
nordmann til diktar. Av hirdskaldane etter Øyvind
Skaldespillar er de berre ein einaste som ein med noko
større visse kann segja var nordmann, og de ein av dei
mange som de no ikkje finst noko att etter av
skaldskapen deira. Hans namn er Arne Fjøruskeiv,og
han er nemnd millom skaldane hjaa Sigurd Jorsalafar.
Av de som er sagt um honom i dei eldre utgaavur av
Heimskringla (framanfor sogo um Ottar Birting) kann
ein sjaa at han ogso hev vori med Sigurd paa den
namngjetne krossferdi hans; men skal ein tru de som
er sagt i eit nidvers som den islendske skalden Torarin
Stuttfeld gjorde um honom, so hev han ikkje vori mykje
tess, korkje til hermann eller skald. De er der sagt, at
paa denne ferdi hadde han berre metta ei kraake (med
aate), og at han hadde spreidt „den gamle ørns lort“
(9: dikt) vidt og breidt. Men daa dette er til hemn for
eit peik som Arne hadde gjort denne Torarin fyriaat,
kann de ikkje vera mykje aa rette seg etter de som
er sagt paa denne maaten. So mykje kann ein likevel
skyna av ordi her, at de kann ikkje vera so lite han
hev dikta, denne Arne. ;
Andre skaldar, og de er ikkje so faa, er de no
endaa mindre eller slett inginting sagt um kvar dei
Gamle skaldar og kvad. 6
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>