- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
80

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

80

Her er broti av, nettupp som kvade rett skulde
byrja. Naar no Eirik hev „præsentert“ desse kongane
for Sigmund, og han so fører deim alle seks inn i halli
til Odin sjølv, so skulde de vori gildt aa fengi høyrt
korleis de gjekk der. Snorre i minsto hev kjent meir
av kvade, kann ein sjaa, med di at han i Heimskringla
(s. 96) nemner namne paa 3 av dei 5 kongane som fall
med Eirik i slage. Um korleis resten av kvade hev
vori, kann me elles tenkje oss til noko fraa
Haakonarmaal, daa de viser seg at dei tvo kvadi hev ymist likt
baade i plan og anna. Med di at Eirik døydde ei 6
eller 10 aar fyri Haakon, er de rimelegt nok, at de alt
fraa gamalt hev vori meint at Haakonarmaal er laga
etter Eiriksmaal, likso vel i bygnad som i tid. Men
dette kann ein no likevel ikkje rekne for heilt avgjort.
De skulde vera mykje som talar for at eit kvad som
dette Eiriksmaal fyrst er komi til etter at Gunnhild med
sine sønir paa nytt var komi til magti i Noreg, og daa
til motvegt mot den folkeyndest Haakon her stod i, og
som no Haakonarmaal var vel maata til aa halde uppe,
kann ein vita. Men de høyrer ikkje til her aa draga
fram dei grunnar som kann tala for eller imot anten de
eine eller- de andre. Berre so mykje, at
Eiriksmaalsskalden syner han hev vori so god til aa ettergjera som
nokon, i vissa daa Edda-kvadi, og de ikkje berre i
tonen, men og i ordvale, som de syner seg ikkje so lite
av de vesle som er. Elles kann de og hende de er ein
av Edda-skaldane sjølve me her hev fyri oss. Men hev
Eiriksmaal i de heile vori so godt som. denne byrjingi
lovar, so er de aa segja um baae skaldane, at de ikkje
er til mannemink for nokon av deim, kva ein so kann
finne av laan eller etterlikning i desse tvo kvadi deira.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free