Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
83
baade skaldar og andre, som var i Noreg ved desse
tidir, so de vilde daa vera underlegt, at ikkje ein
sovidt namnfræg skald som Eiliv var nemnd millom deim,
um han var islending, eller i dei mange sogur der
skaldar er meir eller mindre umtala heime paa Island. De
som er gissa um at han skulde vera ein son aat
Gudrun Nattsol, som er umtala i Njaala kap. 58 og utetter,
— de høver ikkje vel med tidi. For ètter de som»
stend i denne sogo, var de paa lag ved den tid daa ein
maa tru at Eiliv alt var skald hjaa Haakon jarl, at
Gudrun vart gift, fyrst med nordmannen Tore, og sidan
med hans felage Torgrim. So lengi de ikkje er
paavist noko um at Eiliv var islending, ligg de daa
nærast aa gaa ut fraa at han var nordmann. Hans kvad
hev no og mest sams med dei gamle norske kvadi som:
me hev ei prøve paa i Tjodolvs Haustlong.
Men meir um aa gjera er den samanheng de er aa
finne millom skaldskapen paa Island og i Noreg, at ein
no kann segja at den islendske skaldskapen hev sitt
grunnlag i den gamle norske, er bygd paa den. Syner
no dei prøvur me hev av sjølve den norske skaldskapen,.
at de hev vori ein livskraftig, djupt rotfest vokster,
sokann dei sidegreinine han hev skoti paa Island ogi:
norske utbygdir elles vesterpaa tena til aa syne de same..
Og at der er ein slik samanheng med skaldskapen i
desselandi, de syner seg ikkje berre av indre merke, skyldskapen:
i lynde og lag, men ein kann og fylgje han beint fram.
Fleire av skaldane paa Island var fødde og upp-alne i
Noreg. Soleis er de nemnt ymse skaldar millom
landnaamsmennane, og like eins nordmennar som kom dit ut
seinare. Millom deim er serleg aa nemne Gisle
Sursson fraa Surnadal (Surndalen) paa Nordmøre, vel kjend
fraa den merkelege sogu som ber hans namn. Etter
honom hev me i denne sogo nokre av dei beste og
finaste kvad me kjenner. Endaa fleire var dei som ikkje
hadde lenger aa telja attende til Noreg enn til foreldre
eller besteforeldre som var komne derifraa, — millom
deim stor-kulten for alle skaldar, Egil
Skallagrimsson. Med ein mann som honom kann de ikkje vera
tvil um at hans skaldskap i de heile er av norsk rot,
norsk arvegang, endaatil fraa hans eigne ættfedrar og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>