Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
84
deira frendar. Baade um faren Skallagrim og
bestefaren Kveldulv i Fjordane er de fortalt at dei var
skaldar, og eņdaa meir avgjort med andre frendar, som
Olve Nuva, bror aat hans bestemor.
Likevel vilde de vera underlegt, um norsk skaldskap
og dikting ikkje berre skulde vike rome for islendsk
ved den norske kongshirdi, men og med ein gong heilt
døy ut. Dette skulde daa ikkje nettupp tyde paa djupt
rotfeste i lande. Ein vokster som er heilt heime paa
ein stad, han plar ikkje døy burt so braatt. Han sèt
fræ og skyt renningar, so han paa den maaten liver, um
endaa i nye vokstrar av sitt slag. At de hev vori soleis
med den gamle norske diktingi og, de fekk me vel tenkje
oss, endaa um me ikkje visste noko avgjort um de. Me
kunde ikkje vente at de i skriftir paa Island fraa ikr.
1200 og utetter skulde vera gøymt so aa segja alt de
aandsliv som hev rørt seg i Noreg i dei 3—400 aar
fyri den tid. Som me alt hev set, er de mykje av dette
som de i desse skriftir er berre som eit minne um, og
mykje meir kunde de daa vera som de ikkje ein gong.
er so mykje att etter. Eller de kunde og vera mykje
av norsk aands-avl som endaa liver i islendske skriftir,
um de ikkje der beint fram er sagt fraa, at de
upphavleg er norsk, paa same maaten som t. d. tysk og dansk
eller germansk dikting liver, meir eller mindre umskapa,
i den norske Edda-dikting.
At de hev haldi ved med onnor dikting her i lande,
etter de var slutt med norsk hird-skaldskap, de syner
no og sjølve Edda-kvadi. Dei yngste norske Edda-kvadi
er jamleg rekna for aa vera komne til ved slutten av
viking-tidi. Den kann ein setja til paa lag ved den tid
daa Olav Haraldsson vart konge. Han hadde sjølv vori
den siste av dei rette viking-kongar. Danmarks-ferdine
og Englands-ferdi hans Harald Hardraade og
vesterhavsferdine hans Magnus Berrføtt er i ein noko annan stil,
um endaa i same aand. Edda-diktingi hev soleis fylgt
viking-tidi til de siste, den tidi som ho er fødd fram av
og hev sitt liv i, endaa um de etter namne vanleg ikkje
er viking-hovdingane eller viking-kjempune sjølve som
der er tekne til emne. Men de skulde ein likevel vente,
at de um desse karane og vilde laga seg sogur og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>